Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tysdag er bailldag…

Tysdag er bailldag…

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juli 2013

På tysdagar er det «bailldag» på Todalshytta. Sist tysdag var etterspørselen større enn forventa, og da måtte vi desverre seie nei til dei siste kundane, fortel Åse Grydeland Øyen. Ho er vertinne på Todalshytta på 11. året, og i løpet av disse åra er det berre 2-3 gong ho har gått heilt tom for ball. Komande tysdag reknar vi med at ho tek høgde for både nye og gamle baillkundar, og kokar i storkjelen. 

På Todalshytta er det forresten middagstilbud kvar dag. Som sagt er tysdagar bailldag, medan laurdag er grautdag med servering av rømmegraut og spekemat. Dei andre dagane er det variert og god meny med heimlaga mat.

Først publisert: 12. juli 2013, 12:09 - Sist oppdatert: 17. juli 2013, 13:02