Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hobbybrennar ved Lokkarbekken

Hobbybrennar ved Lokkarbekken

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2013

Du kan skaffe deg mange rare hobbyar, men felles for alle hobbyar er at dei skal være artige å halde på med. Anders Hovde har funne sin hobby – nemleg tjærebrenning. Lokkarbekken ligg ved Middagshjellen på 800 meters høgde, ovafor Jenstad. For å kome dit må du først køyre til Gjøra og ta av mot fjellgardane. Vidare køyrer du opp til Jenstad, og fortsett etter bomvegen opp bratte bakkar til Middagshjellen. Her ved indre Lokkarbekken har Anders Hovde funne sitt paradis, der han driv tjærebrenning på hobbybasis.

Her har han halde på sia 1988, da han starta dei første forsøka. No er anlegget vidareutvikla og ”modernisert”, og det er fast tradisjon at det brennes tjære her  den første helga i juli. Hovde budde tidlegare i Molde, og da vart det med helgar og feriar til denne hobbyaktiviteten. Etter at han pensjonerte seg, har han flytta til Jenstad og da blir det nok meir tid hobbyverksemd.Og tid det trengs, for det er ein vitskapeleg  prosess å få til gode tjæreprodukt. Tidkrevjande er det også, for først må ein samle saman store mengder med spik av god kvalitet, før sjølve produksjonsprosessen kan starte.

Anders Hovde har bygd opp anlegget ved indre Lokkarbekken, og brukar vatn frå bekken til avkjøling på anlegget. For ikkje lenge sia skifta han ut tanken, og har no ein tank som rommar 400 liter, og den trappar han heilt full med spik (furu med mykje harpiks i), før han fyrer opp og kokar ut harpiksen som blir til tjære, terpentin og fleire forskjellige produkt. Tanken er eigentleg eit reint destinasjonsanlegg, og brukar altså vedfyring for å koke ut harpiksen frå furua. Riktig fin og feit spik kan innehalde inntil 25% harpiks. Under prosessen får ein fleire forskjellige produkt. Etter som temperaturen stig i tanken får han ut 9 forskjellige produkt, som vi i tur og orden kan nemne:  – Tjærelåg, lakk, lys terpentin, lys tjære, mørkare tjære, svart tjære, kokt tjære, bek og trekol.

Alle produkta har sin spesielle eigenskapar og  bruksområde.  Anders har og nokre produkt, der tjære frå eigen produksjon er brukt. Tjæresalve kan brukast som sårsalve, og det blir aldri infeksjon i slike sår. Eller har han eit par type skosmurning, der tjæra er blanda med hjorte- og revefeitt, samt bivoks. Laurdag var altså den store dagen komen for å starte årets tjæreproduksjon. Alt i 6-tida var Anders på plass for å fyre opp bålet under kjelen. Det går da eit heilt døgn før prosessen er ferdig og det går an å avslutte prosessen.

Da vi var innom var det gått ca 7 timar sidan det vart fyrt opp, og da vi kom vart det tappa av ein skvett med tjærelåg. Mellom 1 og 2 timar seinare var det klart for å tappe igjen, og da kunne vi sjå at det var litt brunfarge på stoffet. Det blir ei lang vakt, men tida går fort når ein held på med slikt, fortel Anders. I løpet av dette døgnet kjem det mykje folk innom for å være med, og da vi var på farten kom dei første besøkande. Anders fortel at det brukar å kome både kompisar frå Molde og folk frå Gjøra for å bli utover dagen, kvelden og natta.  Og da blir det nok meir liv i leiren.

Anders hadde klargjort både eit hjortelår og eit sauelår,  som skulle tilreiast i varmegropa som var laga attmed leirplassen. Ved plassen var det også ein danseplatt og sceneplass til spelemannen, så det skulle også bli ein svingom utpå kvelden. For det er alltids nokon som har med trekkspel eller toradar som kjem fram utpå kvelden.

Her kan du sjå bildeserien frå tjærebrenninga ved Lokkarbekken ovafor Jenstad.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 10. juli 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 8. juli 2013, 23:17