Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2013

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 512345

Første  seier  i  Norway  Cup  til  lokale  lag

Første seier i Norway Cup til lokale lag

Elinor Bolme Sundag 28. juli 2013

Da er Norway Cup 2013 godt i gang, og dei to G14 laga Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen har allerede spela kvar sin åpningskamp. 11’er laget tapa 3-0 mot Sotra, medan 7’er laget vann heile 6-1 mot Austvatn. G14 7’er laget før kampstart: Fair Play hilsen Målscorarane var Kevin A Brusethaug, Tore Bæverfjord, Erik K Andersen, Grunde H Hansen […]

Les heile saka

Sulå,  eit  fint  turmål

Sulå, eit fint turmål

Elinor Bolme Sundag 28. juli 2013

Her kjem ein bildeserie frå ein tur til Ytter Sulå, også kalla Nordviksulå. Mange av oss ser ho dagleg på tur heim til Todalen når ein rundar svingen på Sjøleet på Nordvik. Fleire har kanskje som oss tenkt at dit skulle eg gjerne ha vore… Og vi kan etter gårsdagens fjelltur absolutt anbefale turen.

Les heile saka

Over  Sognefjellet  og  litt  til…

Over Sognefjellet og litt til…

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juli 2013

Det er nok mange som har teke vegen over Sognefjellet på tur til eller frå Sogn. Ein periode var det mange her frå traktene som jobba på Årdal- og Sunndal verk som det heitte den gongen. Da vart Sognefjellet kortaste vegen til Årdal på sumars tid. Vegen gikk da over Dovre til Otta, og oppover ottadalen til Lom. Derfrå over Sognefjellet til turtagrø og så vidare etter bomvegen over til Øvre Årdal. No er Sognefjellvegen såkalla nasjonal turistveg, frå Lom til bygdene innerst i Lusterfjorden.

Les heile saka

Uendra  fisketid  –  men  holaksen  må  settast  ut  igjen!

Uendra fisketid – men holaksen må settast ut igjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juli 2013

Miljødirektoratets regulering av laksefisket i elvane på Nordmøre får ingen store konsekvendsar for fisket i Toåa. Fisketida blir ikkje endrat – det kan fiskes laks og sjøaure i Toåa fram til den ordinære sesongslutt som er 15. august. Frå laurdag 27. juli innføres gjenutsetting av hofisk av laks. Dette blir gjort for å sikre oppgangen av gytefisk i Toåa og fleire av dei andre Nordmørselvane.

Les heile saka

Kortreist  til  Nauståfossen

Kortreist til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juli 2013

Med 2-3 finvêrsdager etter kvarandre er vi er snart vant med skikkelege sommartemperaturar no. Med gradstokken mellom 25 og 30 grader begrenser aktivitetsnivået seg likevel litt. Vi let oss ikkje friste av moltemyrane som dreg folk opp bratte lier i solsteiken, og tok heller ein tur til Nauståfossen. Den let seg ikkje akkurat imponere av størrelsen i dag, med du verden så godt det var å stå i det forfriskande gåvet frå fossen da vi kom fram.

Les heile saka

Haustsesong  startar  for  stavganggruppa

Haustsesong startar for stavganggruppa

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juli 2013

I epost frå Martinus Torvik har vi fått informasjon om sesongstart i Stavganggruppa. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen med å møtast ved Arboretet i Svinvika laurdag den 3. august klokka 11.00. Dit er vi invitertye av Norsk Vandrefestival og vil bli møtt av Bodil Gjeldnes. Marsjeringa blir å foregå i Arboretet sitt […]


Slåttaarbeid  i  varmen..

Slåttaarbeid i varmen..

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juli 2013

Tysdag har det vore sommar i ordet rette forstand. Med temperatur langt opp mot trettitalet er det godt å finne en plass i skyggen, og passe på å ta inn nok væske slik at en ikke blir dehydrert og tørker ut. Det er no ferietid og mange er reist bort til eit eller alla feriemål, men det var da litt aktivitet å sjå på turen rundt bygda.

Les heile saka

Blir  det  kronår  med  molter?

Blir det kronår med molter?

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juli 2013

Det tegnar til å bli eit bra molteår. Mange var nok bekymra for snøfall og kuldegrader som kom akkurat i blomstringstida, med det ser ut til at det var ugrunna bekymring. Med Jon Bruset har vi fått nokre bilder frå moltemyrane ved Tristeinane, og han fortel at det ligg godt tilrette for ein moltesesong av dei betre. Korleis det er andre plassar er vi usikre på, men vi tek gjerne mot ein kort rapport om korleis det er i Romådalen, Kvennsetdalen og andre aktuelle plassar.

Les heile saka

Hadelendin​ger  med  røtter  i  Todalen

Hadelendin​ger med røtter i Todalen

Lars Gudmund Røen Måndag 22. juli 2013

Søndag hadde Sigrun og Johan i Utigard på Ørsal besøk av hadelendinger som hadde spora slekta si attover til 7x-tippoldefaren Johan Ørsall som var brukar der i 1645. Johan hadde sønnen Karl, fødd i 1661 eller 1656. Han slo seg ned i Karlhaugen på Eidet som den andre brukaren som er kjendt der. Søskena Marit Bjørgeengen Christensen og Egil Bjørgeengen kunne følge slekta videre frå Karlhaugen til Mogstadbakken og Austitua Øye i Surnadal. Derfra bar det via Trondheim til Østlandet og Hadeland.

Les heile saka

Absolutt  sluttstrek  satt

Absolutt sluttstrek satt

Elinor Bolme Sundag 21. juli 2013

No har IL Søya satt den absolutte sluttstrek for påmelding av lag til årets Søyacup laurdag 24. august. Dei har no pressa inn to knøttelag til (Todalen og Batnfjord) og har dermed utnytta maksimal kapasitet på baneanlegget på Søyabanen.

Les heile saka

Snart  klart  for  Norsk  Vandrefestival  2013

Snart klart for Norsk Vandrefestival 2013

Elinor Bolme Sundag 21. juli 2013

Torsdag 1. august brakar Norsk Vandrefestival 2013 igang med årets hovedbase i Svinviks Arboret. Her er eit fullstappa program, med ulike aktivitetar for alle og einkvar.  Fleire av aktivitetane er også denne gongen lagt til Todalen. Vi kan nemne tur på Rambjøra som ei oppvarming før offisiell åpnng av festivalen onsdag 31. juni med lokal […]

Les heile saka

Viltpåkjørsel  ved  Åsbøen

Viltpåkjørsel ved Åsbøen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2013

Laurdag kveld vart eit rådyr påkøyrdt lika ovafor gammelvegen i Åsbøhauann. Ein rådyrbukk som kom i stor fart ut i vegbanen, og sjåføren hadde ikkje sjanse til å stoppe.

Les heile saka

Side 2 av 512345