Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kortreist til Nauståfossen

Kortreist til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juli 2013

Med 2-3 finvêrsdager etter kvarandre er vi er snart vant med skikkelege sommartemperaturar no. Med gradstokken mellom 25 og 30 grader begrenser aktivitetsnivået seg likevel litt. Vi let oss ikkje friste av moltemyrane som dreg folk opp bratte lier i solsteiken, og tok heller ein tur til Nauståfossen. Den let seg ikkje akkurat imponere av størrelsen i dag, med du verden så godt det var å stå i det forfriskande gåvet frå fossen da vi kom fram.

Det er ein skikkeleg kortreist og lett tur, som startar med biltur frå Todalen til parkeringsplassen ved Kårvatn. Treng du å supplere turutstyret kan du stikke innom butikken Kårvatn Fjellutstyr som held til ved startpunktet. Deretter er det berre å legge i veg etter vegen over brua, og da har du valget om du vil gå etter turistlina over myra til Trollheimshytta, eller om du vi gå etter vegen innover til Myrvang og vidare etter stien opp til Nauståfossen. Avstanden frå Kårvatn til Nauståfossen er mellom 1 og 2 km og praktisk talt uten stigning. Vi gikk etter vegen innover, og der var det fint å gå i joggesko.

Treng du større fysisk utfording, så kan du fortsette etter turistlina oppover lia. Er du retteleg sprek kan du gå endalenger og opp til toppunktet for norgescupen i randonee på Tydalsnebba. Da er du sikra ein kjempeflott utsikt utover alle fysne!

Nedafor finn du eit lite bildegalleri fra utflukta til Nauståfossen, og litt om folk som vi trefte på turen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. juli 2013, 20:16