Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sulå, eit fint turmål

Sulå, eit fint turmål

Elinor Bolme Sundag 28. juli 2013

Her kjem ein bildeserie frå ein tur til Ytter Sulå, også kalla Nordviksulå. Mange av oss ser ho dagleg på tur heim til Todalen når ein rundar svingen på Sjøleet på Nordvik. Fleire har kanskje som oss tenkt at dit skulle eg gjerne ha vore… Og vi kan etter gårsdagens fjelltur absolutt anbefale turen.

Ein kjøyrer opp ved grendahuset på Nordvik og oppover bomvegen heilt til endes. Ein er da kommet opp til dammen ved kraftverket og turen tek til. I første omgang går det lett oppover over myrene, før stigningane blir litt hardare og til slutt veldig steinete. Men når ein snur seg i terrenget ein gong i blandt så er det så absolutt verdt det. Turens lengde er ca 8 km tur/retur, og tidsforbruket varierer naturlegvis etter korleis tempo ein har. Pluss/minus 3 timar. Rimeleg grei merking, og for den som tek turen for første gong etter å ha lese dette: fyll på vassflaska ved oppkomet (som er merka), for det er ikkje vatn lenger opp.

Trimgruppa i Surnadal IL har i år ein av sine trimpostar på Ytter Sulå, og det genererer naturleg nok litt meir trafikk til toppen.

Underteikna prøvde seg også på Inner Sulå, men her var det ein del brattare å komme seg opp til toppen, så ho slo det frå seg etter å ha klatra seg fast. Men fekk teke ein del bilder frå den kanten om ikkje anna. Sauer var også å høyre, men ikkje så alt for lette å sjå ved Sulvatnet.

Under er nokre bilder frå turen, som gjekk fri for torveret som herja rundt Innerdalen og dei traktene mens vi var på toppen. Alle foto ElinorB

Først publisert: 28. juli 2013, 00:25 - Sist oppdatert: 29. juli 2013, 18:09