Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Blir det kronår med molter?

Blir det kronår med molter?

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juli 2013

Det tegnar til å bli eit bra molteår. Mange var nok bekymra for snøfall og kuldegrader som kom akkurat i blomstringstida, med det ser ut til at det var ugrunna bekymring. Frå Jon Bruset har vi fått nokre bilder frå moltemyrane ved Tristeinane, og han fortel at det ligg godt tilrette for ein moltesesong av dei betre. Korleis det er andre plassar er vi usikre på, men vi tek gjerne mot ein kort rapport om korleis det er i Romådalen, Kvennsetdalen, Ørsalmyrane og andre aktuelle plassar.

Jon Bruset let molter være molter, og tok måndag turen til Bjøråskaret. Han nytta finvêret, sola og den klåre lufta til å ta mange fine bilder frå turen. I bildegalleriet han har sendt oss er det bilder både frå Todalsfjella og Innerdalsfjella, og delvis frå floraen som du finn i høgfjellet på denne tida.

Bilda er samla i bildegalleriet nedafor.  Alle foto: Jon Bruset.

Publisert: 22. juli 2013, 20:48