Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2011

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 612345...Siste »

Årets siste gudstjeneste i 2011

Årets siste gudstjeneste i 2011

Elinor Bolme Lørdag 31. desember 2011

Da er vi ved vegs ende av 2011, og i ettermiddag vart årets aller siste gudstjeneste held i Todalen Kyrkje. Dagens prest var Vidar Rygh, nytilsatt i Ranes og Øye sokn, og han fekk med det det ærefulle oppdraget i å døypa tvillingane Lisa og Jakop Ranes.

Les heile saka

Nyttårsgudsteneste – kl 16.00

Nyttårsgudsteneste – kl 16.00

Jon Olav Ørsal Lørdag 31. desember 2011

Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje på nyttårsaften kl 16.00. Under julegudstenesta vart det opplyst om anna tidspunkt, men det er kl 16.00 som er rett. Det er soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, som held gudstenesta, og det blir dåpshandling. Ofring til Todalen Sanitetsforening. Soknerådet ønskjer alle velkome til årets siste gudsteneste!


Fleire nye medlemar

Fleire nye medlemar

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2011

Todalen.no får stadig nye medlemar. 6 juledag hadde dei to styrmedlemane stand i Kaffekroken på ICA Todalen, der dei serverte kaffe og sjokoladekake til folk som stakk innom. I løpet av eit par føremiddagstimar var det eit 50-tal innom og fikk seg isskrape og pennar med «Todalen.no»-reklame på, og det resulterte i eit 10-tal nye medlemar. Det personlege medlemskapet er eit støttemedlemskap, og det er ligg ikkje nokon risk for å få noko tillitsverv i det. Altså er det ei rein støtte til drift av nettstaden Todalen.no!

Les heile saka

Ansnessaga: Skade for fleire millionar etter «Dagmar»

Ansnessaga: Skade for fleire millionar etter «Dagmar»

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2011

Det ble alt anna enn juleferie for Palmer Vikan og Ivar Bolme ved MøreTres anlegg på Ansnessaga. Dei har drive med verdisikring og opprydding etter Dagmars herjinger gjennom heile romjula. Konsernsjef Terje Talgø seier til Todalen.no at det nok er gjort skade for fleire millionar etter stormens herjingar ved anlegget på Ansnessaga. Det mest synlege er nok at det meste av taket på materialtørka og ferdigvarelagret er borte, men det er mange skadar på bygningane og mellom 250 og 300 kubikk med tømmer er spredd innover heile stranda til Kvennsetøran.

Les heile saka

Stenger for vareteljing

Stenger for vareteljing

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2011

I dag er det lurt å gjera unna handelen på ICA Todalen før kl 13, for da stengjer butikken for å gjera unna vareteljinga ved årets slutt. Butikken er altså open fra kl 10 til 13. Laurdag (nyttårsaften) er butikken open igjen, og da er opningstida frp kl 9 til 13. Søndag (1. nyttårsdag) er […]


Talgø på Facebook

Talgø på Facebook

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2011

Talgø har forlengst fått si eiga bedriftsside på facebook, der Talgø-konsernets selskap vil leggje ut nyheiter og tips til dei som er interessert i interiør, hus og heim. Her vil du også kunne gjera eit og anna kuppet, så det vil lønne seg å følgje med i det som skjer. Du finn sida på www.facebook.com/talgosiden eller […]


Romjulsmarsj på glattå

Romjulsmarsj på glattå

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2011

I dag vart den utsette romjulsmarsjen arrangert, og ein god del deltok på rundturen rundt bygda. Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset kunne fortelje om 105 utdelte medaljar, noko han var godt nøgd med etter ei litt turbulent start på jula. Trimgruppa hadde også i år stasjon både i Sandstad- og Brusetkrysset, med servering av gløgg og kakao. Attåt var det høve til å ta lodd til inntekt for trimgruppa og idrettslaget.

Les heile saka

Romjulsmarsjen i dag: Start 12-15

Romjulsmarsjen i dag: Start 12-15

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. desember 2011

Romjulsmarsjen er utsett frå 3. juledag til i dag, 5. juledag.  Det blir start mellom kl 12-15, og det er registrering på Sandstad og Bruset. Det serveres sjølvsagt gløgg og kakao, og alle får fine deltakarmedaljer. Lotteri med fleire gevinstar, lodd kr 10. Alle er velkome til å delta!


Reisebrev frå The Kop på Anfield

Reisebrev frå The Kop på Anfield

Tekst og foto: Michal Heimlund Onsdag 28. desember 2011

En mørk mandagskveld på slutten av oktober, ringte mobilen med spørsmål om vi endelig skulle iverksette juleplanene. Hvert år siden hvem husker når, har vi snakket om at vi bør få oppleve Cristmas day og Boxing day i Liverpool. Cristmas day kan sammenliknes med julaften, mens Boxing day er mer som 16. mai-feiring. Det ordnet seg med hjelp av gode kolleger, og begge to fikk fri fra vakt, og dermed ble turen ble booket.

Les heile saka

Juletrefest 1. nyttårsdag kl 14

Juletrefest 1. nyttårsdag kl 14

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. desember 2011

Juletrefesta som skulle vera 2. juledag måtte som kjent avlysast på grunn av straumbrotet etter uværet «Dagmar». Todalen sokneråd melder at det blir arrangert ny juletrefest (eller kanskje nyttårsfest) 1. nyttårsdag i Todalen oppvekstsenter kl 14.00. Der blir det gang rundt juletreet og framvising av lysbilete frå 60-og 70-åra, der vi får gjensyn med både […]


Stinn brakke med «Todal’n ka no?»

Stinn brakke med «Todal’n ka no?»

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. desember 2011

Det var knytta stor spenning til årets julekabaret. Uværet og straumbrotet tidlegare i jula hadde laga mange forviklingar for både underhaldningsgjengen og festarrangørane, og heile generalprøven 2. juledag gikk i vasken. Men seint om kvelden 2. juledag kom straumen att, og det oppsette programmet kunne kjørast. Første framsyninga på ettermiddagen var «ny» generalprøve og hovudframsyninga om kvelden kunne gå som planlagt. For fullsett sal i Todalen undomshus kunne Borghild Talgø og Lars Sæther ønskje publikum velkomne til julekabareten «Todal’n ka no?».

Les heile saka

1.framsyning ferdig: God sort!

1.framsyning ferdig: God sort!

Jon Olav Ørsal Tirsdag 27. desember 2011

Første framsyninga av «Todale’n ka no?» er ferdig, og eit femtitals publikummarar lika det dei såg. Framsyninga tok knappe 1 1/2 time, og den ga full valuta for pengane for eit begeistra publikum. Det var godt og variert program og aktørane gjorde ein fin innsats på scena. No er det snart klart for hovudframsyninga som startar kl 20.00. Da er det i tillegg servering av eksotiske matrettar, der dei har både kjøtt og fiskerettar å by på. Eller kanskje du berre vil ha en enkel rett med bakt potet og godt tilbehør?

Les heile saka

Side 1 av 612345...Siste »