Arkiv for mai, 2011

Side 1 av 612345»...Siste »

Lagseriestevne


Ski- og friidrettsgruppa minner om at det er lagseriestevne i morgon på Bordholmen for alle i absolutt alle aldrar. Og med basaren friskt i minnet, så hugsar vi at vi vart oppfordra/utfordra av Åshild Halle til å ta idrettsmerket, alle som ein! Oppstart kl 18.00 på Bordholmen

Uhell førte husdyrgjødsel på avvegar


Det var sannsynleg vis ein defekt brytar til ei gjødselpumpe som førte til at ein del husdyrgjødsel vart pumpa utover eit jorde i Pestua i går kveld, seier Asbjørn Karlsen til NRK Møre og Romsdal si nettside. Heldig vis vart dett oppdaga i tide, slik at ein fikk begrensa omfanget og hindra forurensing til vassdraget.  Men [...]

Ny kulturkalender – mykje å gle seg til!


Ny kulturkalender for Surnadal kulturhus er komne i postkassane. Denne gonger er det kalenderen for juni, og den startar med sommarkonsert med kulturskulen onsdag 1. juni. Komande helg er det songarstemne og travel tid for Tordenskjold songlag. Dei har arrangement både laurdag og søndag. Neste helg er det Vårsøghelga med program frå torsdag 9. til [...]

Just presis!


Tysdag var justervesenet på besøk hos HalsOil. Det var Inge Wold fra Trondheim justerkammer som sjekka at drivstoffanlegget til HalsOil måler ut rett mengde drivstoff  når du tankar bensin eller diesel der. Dette har inntil no vore kontrollert ein gong kvart år, men frå i år blir det kontroll annakvart år. Pumpene er justert og [...]

Blir todalingar til hausten…


I avisa Firda er det stort oppslag over 4 sider om Karin Halle som sluttar som NHO-direktør og som flyttar til Todalen til hausten, saman med sonen Shan Allan (4). Karin har jobba som NHO-direktør i Sogn og Fjordane i 9 år, med base i Florø. Ho har tidlegare vore reiselivssjef der, og butikksjef i Vinmonopolet og har ei fartstid på rundt 20 år i nabofylket.

40 år med idrettsmerke


Åshild Halle vart i går hedra med diplom og merke for å ha gjennomført sitt førtiande idrettsmerke. Det skjedde under den årlege trim basaren, der også ski og friidrettsgruppa delte ut sine utmerkelsar for eit aktivt år. Som om det ikkje var nok, så fekk ho også Gullstatuetten for skimerket, medan ektemann Trygve fekk Skikruset.Ellers oppfordra Åshild fleire til å vera med å ta idrettsmerket, for den einaste som tok det attåt ho i fjor var Emil Haugen Ansnes. Han tok bronsemerket.

Laksefisket startar 15. juni


Laksefisket i Toåa blir i år frå 15. juni til 15. august. Det er også klart at dei same datoane vert gjeldande for fisket etter sjøaure. Det er direktoratet for naturforvalning som strammar inn tidsrommet for fisket i Toåa, seier leder i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen. I fjor starta fisket 1. juni. Sluttdatoen 15. august [...]

Kulturvandring på Todalsøra


Eit sekstitals deltakarar møtte fram da Todalen Historielag arrangerte kulturvandring på Todalsøra søndag. Vandringa starta ved Inneråa, ved den gamle brannstasjonen, med Anders Halset som guide og kjentmann. Anders er godt kjent på Todalsøra og er interessert i lokalhistoria så har hadde nok historielaget treft på rette mannen til å være guide på turen. Han la for dagen ein enorm kunnskap om Todalsøra og livet der, og det vart ein interessant tur for alle.

Nedover langs Nauståa


Jon Bruset har laurdag gjort turen til Dalasetra (Naustådalssetra) og på nedturen langs Nauståa har han bruka kamera flittig. Vi har fått e-post med bilder, og han skriv: “Prøvde å gå langs Nauståa mellom Dalasetra og Nauståfossen i dag. Dette er nok eit ukjent landskap for mange, men her er det fleire og større fossar enn ein kan forvente.

Turtips: Gammelvegen i Svinvikkleiva


Eit fin familieturmål er gammelvegen gjennom Svinvikkleiva, der tre generasjonar med veg er intakte. Den eldste vegen går gjennom Svinvikkleiva og langkleiva, og kjem sidan inn på Gjeldnesvegen til Snøya. Det var den første kjørevegen ut av bygda (1898). Neste generasjon av vegen går ved sjøen, mellom Svinvika og Gjengstøa. Den var ferdig i 1938, men er seirare utbetra fleire gong. Og tredje generasjon er Svinvikstunnelen som var opna i august 2011, altså for 10 år sia.

Berre øving…


Surnadal Brannvesen hadde i dag brannøving på Bøvra i Surnadal. Der hadde dei “fått” seg eit gamalt hus av Olav Øye til å kjøyre ein øvelse på. Dette innebar at vårt lokale brannmannskap her i Todalen også deltok i lag med brannmannskapet frå Kvanne og Halsa Brannvesen, pluss ambulansepersonell. I tillegg vart Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til å oververa øvinga, samt å organisere bevertninga for dei innvolverte brannmennene.

Historievandring på Todalsøra søndag 29. mai.


Todalen historielag gjentar suksessen med historievandring på Todalsøra. I fjor samla laget mykje folk på vandringa etter Geilvegen ovafor Todaløra og til Hyllnesbukta. Denne gongen startar dei også innmed Inneråa, men går utover til Todalsøra etter allmannvegen og rundar av på dampskipskaia ved Pakkhuset. I år som i fjor er det Anders Halset som er guide, og han avslørte i fjor ein enorm kunnskap om “gamle” Todalsøra, fortel Maren Ansnes som er ledar i historielaget.

Medlemmar

Nordvik Grendalag
Todalen Idrettslag
Todalen Sanitetsforening
Driva
Sparebank1 Midt-Norge
Kombi Regnskap
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Todalen Brygge
Todalshytta
AMFI Kreativ
Svorka
Todalen Bondelag
Kårvatn Fjellutstyr
ICA Todalen
Surnadal Kommune
Talgø Møbelfabrikk AS
Surnadal Regnskap AS
Studio Saksen
Karen Oddny's heim og hagetjenester
IL S�ya
Skogkompaniet
Todalen Elveeigarlag
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Trollheimsporten
Todalen Sokneråd
Viastua Gardsprodukt
Eldremiddagen
Rossåa Settefiskanlegg
Surnadal Pensjonistlag
Skulstuå i Todalen
Gjensidige Surnadal
Todalen Historielag
AMFI Surnadal
Surnadal Sparebank
Søya og Todalen Skytterlag
Stangvikfestivalen
Stangvik Historielag
Norsk Laksefestival
Todalen Småbåtforening
Surnadal Kulturhus
Start 4H

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Lagseriestemne
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør