Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7205 artiklar i dette arkivet.


Stemningsfull julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

Årets julegudsteneste var attende til normalen etter 2 år og vel så det med arrangement påvirka av pandemi og redsel for smittefare.  Kirsti Hjørnevik var liturg under dagens gudsteneste, og klarte å skape den gode julestemninga for oss som deltok på julegudstenesta.  Gudstenesta var sjølvsagt prega av både juleevangeliet, julas bodskap og ikkje minst opplevde vi flott og kraftfull salmesong med kjente julesalmar.


Adventlotteri – tjuefjerde trekning laurdag 24. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

I dag er det finale og siste trekning i Adventlotteriet som Todalen ILs trimgruppe har arrangert.  Det har vore ein suksess både økonomisk og samtidig mange flotte og kortreiste gevinstar som har gjeve mange og glade vinnarar.  På finaledagen står vi att med 4 gevinstar.  Den første gevinsten er eit måleri som er signert Sissel Halset Storslett – det vart vunne av Pestua.  Det andre malerietsom går i dag, er signert Elisabet Aas og vart vunne av Vesleanna Talgø.  


Tradisjonell romjulsmarsj 3. juledag

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2022

3. juledag, tysdag 27. desember er TIL trimgruppa på banen som arrangør av Romjulsmarsjen 2022.  I år er vi attende til tradisjonell romjulsmarsj som rett og slett er ein rundtur rundt bygda.  Sjølv om det er både influensavirus og Covid i lufta så køyrer vi tradisjonelt arrangement – einaste forandring er at det er ein registreringsstasjon, og den er på Bruset.  Det blir høve til å registrere seg på Bruset i tidsrommet mellom kl 12:00 og 15:00. 


Adventlotteri – tjuetredje trekning fredag 23. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2022

Lille julaften er nest siste trekning i Adventlotteriet – denne dagen er det også 3 gevinstar attafor luke nr 23.  Den første gevinsten er eit gavekort på kr 500 frå Todalshytta.  Den heldige vinnar her vart Sigurd Talgø i Andersstua.  Sigurd får ta ein tur til kammerpike Ediths spiseri når det lir utpå våren.    Den andre gevinsten er 10 sekker med tørr og fin bjørkaved – den hamnar på Kvennset


Gudsteneste i Todalen kyrkje på julaften

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2022

Den tradisjonelle gudstenesta i Todalen kyrkje på julaften startar i år kl 13.30, melder Todalen sokneråd.   Det er Kirsti Hjørnevik som er liturg, og Bernt Bøe som er organist.  


Adventlotteri – tjueandre trekning torsdag 22. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. desember 2022

Da har vi starta innspurten mot jul for alvor – 2 dagar att til julaften og enda har vi mange gevinstar att.  Bak luke nr 22 var det også 3 gevinstar og den første er 3 glass med prima honning – den heldige vinnaren er Nina og Michal (Heimlund) i bustadfeltet på Kvennset.  


Talgø Tradbo AS styrker laget: Øyvind B. Rolland tiltrer som daglig leder

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2022

Et intensivt år med rekordmange oppdrag og høy aktivitet nærmer seg slutten for Talgø Tradbo. På tampen av året kan bedriften selv og morselskap Talgø glede seg over at nok en brikke er falt på plass for veien videre. Nå har nemlig påtroppende daglig leder Øyvind B. Rolland kommet i hus – og med ham ny giv og ambisiøse mål for veien videre i 2023.


Lokal julehandel – opningstider på Matkroken Todalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2022

Julehandelen er i full gang – både lokalt og i dei store butikksentra.  I år er det kanskje viktigare enn nokon gong at ein tenkjer litt lokalt når ein planlegg julehandelen. Dersom prognosane for årets julehandel held stikk, så kan vi kanskje oppleve at det blir ein liten nedgang, samtidig som vi opplever ein formiddabel kostnadsauke og prisstigning.  Kan berre nemne straumprisar, drivstoffprisar, renteprisar og stor auke i matprisane. Derfor er det så viktig å bruke lokale tilbod – handle matvarer der du bur og handle resten i lokale butikksenter.


Adventlotteri – tjueførste trekning onsdag 21. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2022

I dag er det onsdag 21. desember og da er det sjølvsagt spennande kva vi finn bak luke 21.  Vi finn etter kvart ut at det er 3 gevinstar for denne dagen – og dagens første gevinst er eit brett med egg som hamnar på Kvennsetgarden – nærare bestemt hos Olaug Kvennset .  Den andre gevinsten derimot hamnar oppi Halagrenda …


Bjørgulf blir 70 – parkerer bussen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2022

Etter endt teneste i dag parkerer Bjørgulf bussen forgått – da tek iallfall kjøreplana slutt og skuleborna tek ferie – og om eit par dagar blir Bjørgulf 70 på lille julaftan.  Bjørgulf Øyen har etterkvart nærare 40 år etter vegane. – No sist som skulebussjåfør i 18 år, med tidlegrute frå Todalen til Surnadal vidaregåande, […]


Onsdag kveld kl 22.48 snur sola – endeleg!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. desember 2022

Onsdag er det årets kortaste dag – «sola snur» nemleg 21. desember 2022 kl 22:48 for å være heilt nøyaktig.  Frå da går det mot lysare tider heilt fram til sommar solverv.  Vi er altså midt inne i mørketida , og det er nok mange som ser fram til at «sola kjem att» i løpet av januar eller kanskje ein også når i februar før ho er attende.


Enn å øydelegg ta fine sparkføret!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. desember 2022

Åse V. Redalen var ikkje heilt fornøgd med tingenes tilstad da vi trefte ho i dag.  – Enn å øydelegg det fine sparkføret med strøsand, no når det var så fint.  Etter at strøbilen tok runden rundt bygda så «skurkar» det nok litt både her og der.  Dei som brukar sparkstøttingen tykkjer no at det er litt ubehøveleg å bruke så mykje sand, medan vi som køyrer piggfritt tykkjer at det blir trygt og godt å kjøre – iallfall dersom det blir nokre varmegrader og kanskje nokre regndråpar.