Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Enn å øydelegg ta fine sparkføret!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. desember 2022

Åse V. Redalen var ikkje heilt fornøgd med tingenes tilstad da vi trefte ho i dag.  – Enn å øydelegg det fine sparkføret med strøsand, no når det var så fint.  Etter at strøbilen tok runden rundt bygda så «skurkar» det nok litt både her og der.  Dei som brukar sparkstøttingen tykkjer no at det er litt ubehøveleg å bruke så mykje sand, medan vi som køyrer piggfritt tykkjer at det blir trygt og godt å kjøre – iallfall dersom det blir nokre varmegrader og kanskje nokre regndråpar.

Vêrmeldinga på yr.no melder om meir mildvêr etterkvart, og kanskje blir det også nokre regndråpar når det lir til torsdag.  Da kan det faktisk være på sin plass at det blir strødd, slik at ein kan ta ut på ein kjøretur, sjølv med piggfritt.  

Publisert: 20. desember 2022, 15:57