Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stemningsfull julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

Årets julegudsteneste var attende til normalen etter 2 år og vel så det med arrangement påvirka av pandemi og redsel for smittefare.  Kirsti Hjørnevik var liturg under dagens gudsteneste, og klarte å skape den gode julestemninga for oss som deltok på julegudstenesta.  Gudstenesta var sjølvsagt prega av både juleevangeliet, julas bodskap og ikkje minst opplevde vi flott og kraftfull salmesong med kjente julesalmar.

Todalingane i P17-koret saman med dirigent/organist Bernt Bøe. Frå venstre Øystein Moe, Borghild B. Talgø, Einar Husby, John Moe og Bernt Bøe. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens takkoffer gikk til kyrkjelydsarbeidet, og dersom det er nokon som vil bidra med ein skjerv, så kan det gjerast på vippsnr 506908 også i etterkant av gudstenesta.  Dagens organist var Bernt Bøe, som også hadde med seg todalingane i P17-koret som forsongarar og forsterking av salmesongen. 

Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er nyttårsaften kl 16:00 

Frå julegudstenesta i Todalen kyrkje på Julaften. Foto Jon Olav Ørsal

Svein Volle var dagens tekstlesar/klokkar. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens kyrkjevertar Ann Hjørdis Telstad og Frode Grønmyr. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. desember 2022, 15:27