Netthendte damer på strikkekaffe
Det er nok ikkje berre strikking som foregår på Strikkekaffen som Todalen Sanitetsforening arrangerer. Nongnut Brusethaug gjorde i dag siste innspurt på ein fleire meter lang løpar som ho skal ha på spisebordet med plass til 12 personar på julaftan. Jammen eit praktfullt stykke handarbeid som ho har jobba med i haust. I tillegg har ho laga ein til, som Todalen Sanitetsforening har fått, og den skal loddes ut no snart – her blir det nok kø for å kjøpe lodd?