Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utstillinga tek form – vil nok ta litt tid

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. januar 2024

Trollheimsutstillinga som i si tid stod på Stangvik skule skal no monterast på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Heilt sia Stangvik skule var ombygd og renovert har utstillinga levd eit omflakkande liv – til Todalen kom utstillinga frå lageropphald på Bøfjorden skule.  No er den «nye heimen» i 2. etasjen på Gammelfabrikken under oppussing, og monteringa er så smått komen i gang. 

Nyoppussa lokaler er snart klare til å montere utstoppa dyr og fuglar – kulissane er delvis komne på plass, fortel Magne Søyset og Gunnar Nordvik og viser oss rundt i museumsrommet. Foto Jpn Olav Ørsal

Det er mange fiskar – både laks og aure, i utstillinga. Gunnar er levande interessert både i dyr og fuglar – og i utstopping – ein spennande men utfordrande jobb seier han. Foto Jon Olav Ørsal

Deler av utstillinga ber preg av flyttinga, og Gunnar Nordvik fortel at både dyr og kulissar treng litt puss og reparasjon når dei no skal monterast.  Dette vil bli gjort etter kvart som det blir montert og plassert i utstillingane.  Dette arbeidet vil no ta litt tid, så Gunnar har ikkje noko estimat for når arbeidet kan bli ferdig.  Men det vil nok bli ei flott utstilling som vil bidra til at Gammelfabrikken vil bli eit attraktivt museumsmiljø når heile prosjektet blir ferdig.  

No vil utstillinga bli montert i nyoppussa lokalen på Gammelfabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

Gunnar fortel at nokre av dei utstoppa laksane vil bli stilt ut på Todalshytta i første omgang.   Her vil dei nok kome i sitt rette miljø, saman med minner frå engelsktida da Lort Phillips rådde grunnen på Todalshytta eller Phillips Hause som hytta vart kalla den tida.

Gunnar er levande interessert i både dyr og fuglar og i utstopping. Her jobbar han med montering av ein utstoppa laks heime i verkstaden sin. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 18. januar 2024, 16:00