Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7194 artiklar i dette arkivet.


Kappekurs i helga

Kappekurs i helga

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. mars 2010

Kappekurset er eit ledd rekka av skogskursa som gikk i haust og i vinter. Kappekurset startar fredag kveld med teoridel i skulen frå kl 20.00 – 22.30, og forsetter laurdag med praktisk del av kurset i Øyalia frå 10.00 til 15.30.

Les heile saka

Vandrefestival i august

Vandrefestival i august

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. mars 2010

Norsk Vandrefestival planlegg premiere 10. august. Den første vandrefestivalen vil få «BaseCamp» på Kårvatn og vil vare frå 10. til 15. august. Måndag kveld møtte Ragnhild Godal Tunheim og Dordi Kjersti Mogstad todalingane på heimebane i Todalen ungdomshus. Dei inviterte todalingane med som arrangørar av den første vandrefestivalen.

Les heile saka

Hjortmerking – følg med

Hjortmerking – følg med

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mars 2010

Ein kronhjort som vart merka i Todalen tidlegare i vinter kan no følges på nettsida www.hjortmerk.no . Hjorten heiter Surnadal_Bukk_Green_381 . Oppskrifta for å finne att hjorten på kartet finn du på nettsida.

Les heile saka

Postkasser fikk juling…

Postkasser fikk juling…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mars 2010

Tre postkassane i Lauvåskogan poststativ har fått har medfart i det siste. Etter fotspora på kassane å dømme er dei rett og slett sparka inn og øydelagt med rå makt. Det er dei tre postkassane på nederste rekka som er ødelagt.

Les heile saka

Imponerande, Johan!

Imponerande, Johan!

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2010

Laurdag vart Birkebeinerrennet arrangert, og på startstreken sto tre todalingar. Det var Johan Kvendset, Nils Ove Bruset og Astrid Halle. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer og er heile 54 km. Berre ein del av deltakarane får merket, etter ei utrekna maksimaltid. Rennet er krevende og det er slett ikkje sjølvsagt at ein klarer merket. Men Johan klarte det denne gongen også, i klasse M- 70. Vi gratulerer!

Les heile saka

Nytt frå Hjartestartaraksjonen……

Nytt frå Hjartestartaraksjonen……

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2010

Todalen sanitetsforening har på styremøte bevilga kr 10.000 til hjartestartaraksjonen. Rykta fortel at det er fleire lag som jobbar med saka, så det kjem vel meir etter kvart.

Les heile saka

Skannerpatrulja er i farta…

Skannerpatrulja er i farta…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mars 2010

Det er Todalen historielag som har starta arbeidet med å skanne og registrere gamle bilete som vi kallar skannerpatrulja. Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe kjem til å jobbe med gamle bilete og historielaget har ordna seg med ein «mobil» skanner til slikt bruk.

Les heile saka

Infomøte om Vandrefestivalen – i kveld

Infomøte om Vandrefestivalen – i kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mars 2010

Frå Ragnhild Godal Tunheim har vi fått innbyding til infomøte om Norsk Vandrefestival. Ho skriv:
«Informasjonsmøte i Todalen om Norsk Vandrefestival 2010 og vandrekonferanse i Todalen Ungdomshuset, måndag 22.mars kl. 19.30.
Norsk Vandrefestival skal arrangerast for aller første gong 10.-15.august i år. Vi ønskjer at festivalen skal vise gode eksempel og hjelpe til å utvikle eit allsidig aktivitetstilbod innan vandring, natur- og kulturopplevingar for tilreisande og lokalbefolkning i dei beste frilufts- og naturområda i Halsa Surnadal og Rindal, som har gått saman om dette initiativet. Vandrekonferansen under Norsk vandrefestival skal vere eit kjernearrangement i festivalen.

Les heile saka

Nordmøre spellmannslag med konsert

Nordmøre spellmannslag med konsert

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mars 2010

Når Nordmøre Spelmannslag stemmer opp i Stangvik-kyrkja søndag ettermiddag, blir det mellom anna med tonar etter storspelmannen Hallvard Ørsal (1875-1943) frå Todalen.

Les heile saka

Eit skritt nærare hjartestartar…

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mars 2010

Gladmelding frå Todalen sanitetsforening om at Rossåa settefisk/Statkraft støttar prosjekt hjartestartar med kr 5.000,-. Dermed er prosjektet halvfinansiert, og eit stort skritt næreare realisering.


Reisebrev frå fotballtur

Reisebrev frå fotballtur

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mars 2010

I helga var samarbeidslaget Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 på Moldetur og «treningssamling» der. Dei var med på fleire aktivitetar, men toppen var nok å vera ballgutar på Aker stadion under seriestarten for Molde og Rosenborg.

Les heile saka

Elisabeths Atelier er 10 år – jubileumsutstilling

Elisabeths Atelier er 10 år – jubileumsutstilling

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mars 2010

Elisabeth Marie Aas er «hytte-todaling» som har eget kunstatelier i Trondheim. I disse dager jubilerer hun og inviterer todalinger og andre til å stikke innom på besøk i sitt atelier og galleri i Dronningens gt 48.
Elisabeth Marie Aas feirer 10 år som kunstner og driver av Elisabeths Atelier i kulturbyen Trondheim. I løpet av jubileumsåret 2010 skal det bli 2 store jubileumsutsillinger i atelieret.

Les heile saka