Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kortreist Råssåkraft frå i dag!

Kortreist Råssåkraft frå i dag!

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. april 2010

Dersom kaffekjelen eller potetene kokar fortare i dag enn du har vore vant til, så har det sin grunn i at det no er Råssåkraft i ledningsnettet. Den siste veka har det foregått testkjøring og justeringar, men frå i dag leveres det straum inn på distribusjonsnettet til Svorka.
Det er folk frå dei to selskapa som har levert turbin og elektronisk styressystem som har våre her for å kjøre igang produksjonen. Det er firmaet Small Turbin Partners frå Trondheim og Teksal frå Stavanger som har hatt denne jobben.
Det er enno i minste laget med vatn i Rossåa, men det er venta både mildvær og meir regn, så da vil kraftprodusjonen kome igang for fullt. Produksjonen til Råssåfoss kraftverk er nok til å dekk kfraftforbruket til 1200 husstander (med gjennomsnitt 20000 kWh i forbruk).

Anleggsarbeidet starta i januar i fjor og har altså pågått litt over eit år, og no er det litt finpuss som star att før alt er ferdig.  Vi gratulerer i alle fall med nytt og flott kraftverk

Først publisert: 10. april 2010, 19:11 - Sist oppdatert: 11. april 2010, 10:46