Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gudmund Kårvatn årets verdiskapar!!

Gudmund Kårvatn årets verdiskapar!!

Jon Olav Ørsal Fredag 9. april 2010

Fredag kl 15 vart det endeleg avgjort kven som vart kåra til årets verdiskapar. Det vart todaling og ildsjel Gudmund Kårvatn.

Todalen.no fekk beskjeda kl 15.07 av vinnaren sjølv, og kl 15.15 var vi på nett med nyheita.

Prisen er på  250.000 kroner og er ei belønning  for langsiktige og positive tiltak både for Todalen og nordmørsregionen elles.

Todalen.no vil etter kvart koma med meir informasjon i saka, og oppfordrar samtidig til å sjå lokalsendinga på NRK i kveld kl 18.40.

Elles kan du lesa meir om prisutdelinga på  Tidens Kravs nettside og sjå video frå prisutdelinga.

Vi i Todalen.no stiller oss i rekkja av gratulantar!

Publisert: 9. april 2010, 15:15