Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7226 artiklar i dette arkivet.


Fotoglimt frå helikopteret

Fotoglimt frå helikopteret

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. november 2010

Laurdag var det nok mange som spekulerte på kva som foregikk, da det var stor helikopteraktivitet i Todalen. Todalen.no laga sak på dette, og bekrefta at det var Svorka Energi som dreiv linjeinspeksjon med helikopter. Fotografen ombord var Arild Solberg frå Sykkylven, og han har sendt oss nokre bilete frå helikopterturen rundt i Todalen. Fotolyset var nok ikkje det beste laurdag formiddag, men Solberg fortel at formålet var å fotografere mastene slik at Svorka kan sjekke om det er naudsynt med tiltak.

Les heile saka

Start 4H med fest og utstilling

Start 4H med fest og utstilling

Jon Olav Ørsal Måndag 1. november 2010

Søndag kveld var tida komen for å runde av årets 4H-sesong med haustfest og utstilling i Todalen oppvekstsenter. Det har nok vore arbeidd hardt den siste tida for å få alt ferdig. Men dei må ha arbeidd godt, for Torill Sannes frå Møre og Romsdal 4H var raus til å gi ros. Ho tykte det val veldig fine utstillingar, og spesielt var ho imponert over at heile 10 av dei fullførte prosjekta var gjort av aspirantar.

Les heile saka

Med segl og Wichmann for fullt hus

Med segl og Wichmann for fullt hus

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2010

Surnadal kulturhus var nerast fullsett da fjordakabareten «Med seg og Wichmann» vart vist laurdag kveld. Det er Bernt Bøe som har vore primus motor, og stått for både tekster, musikk og regi for kabareten. Den var ein hyllest til slitet og motet og truskapen, skriv Bøe i programmet. Med seg hadde han Bøfjord mannskor, Åsskard kyrkjekor og Todalskoret.

Les heile saka

Svorka sjekkar kraftlinja

Svorka sjekkar kraftlinja

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2010

Laurdag morgon var det nok mange som lura på kva foregikk når eit orange helikopeter flaug på kryss og tvers rundt heile bygda. Løysinga på gåta er nok at Svorka Energi nyttar helikopter til å sjekke kraftlinja. Dette er nok effektivt å få gjort med helikopter, der ein kan synfare både visuelt og med varmesøkjande kamera.

Les heile saka

Loddsalg for aldersheimen

Loddsalg for aldersheimen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2010

Snart er det basar på Aldersheimen i Stangvik. Ingri Bruset og Steinar Gjeldnes frista med mange fine basargevinstar da dei dreiv førehandssalg på ICA Todalen laurdag formiddag. Og Steinar, som var «kasserar» kunne fortelje at loddsalget gjekk strykande.

Les heile saka

Rundt neste sving: Todalen

Rundt neste sving: Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2010

I dag fikk vi telefon frå Andreas Lunnan (70), tidlegare progaramleiar i NRK, med påminning om at det blir reprise på programmet «Rundt neste sving: Todalen». Han fortalte at programmet kjem på NRK2 neste laurdag (6. november) kl. 18.55.

Les heile saka

Livslyst og stressmestring

Livslyst og stressmestring

Jon Olav Ørsal Fredag 29. oktober 2010

Tidligere «Puls»-programleder Anbjørg Sætre Håtun lå i tre år pleietrengende hjemme hos sine foreldre uten krefter til å gjøre noe som helst. Under perioden lærte hun seg teknikker som hjalp henne til å takle den motgangen hun opplevde, og å oppnå mestring. Dette førte til boka «Livslyst», som ledet til foredraget med samme navn. Torsdag kveld var hun på besøk i Surnadal og Surnadal Velværesenter for å dele med sine «10 bud».

Les heile saka

Praktfull morgon

Praktfull morgon

Jon Olav Ørsal Fredag 29. oktober 2010

Fredag morgon var det eit praktfullt lys frå aust. Da det grydde til ein ny dag var himmelen heilt raudfarga i nokre minutt. Biletet er teke frå kontorvinduet ca 08.30, og har pumpene til HalsOil i framgrunn.


Etterlyser gamle protokollar…

Etterlyser gamle protokollar…

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. oktober 2010

Eivind Grønmyr etterlyser gamle protokollar og rekneskapsbøker. Todalen Bondelag arbeider med å samla skrive historia om Todalen Feavlslag. Viktigaste oppgåva til laget var å kjøpa inn og drive utleie av foreningsoksen. Dette hadde stor betydning for avlen av storfe i bygda, og gjorde det muleg å få inn nye gener. Men dei saknar den første protokollen, og saknar difor ein del av historia.

Les heile saka

Konsert i Stangvik kirke

Konsert i Stangvik kirke

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. oktober 2010

For tredje år på rad skal tenorene Leif Terje Nilsen og Daniel Aalberg ut på en omfattende førjulsturne i midtnorske kirker. Nytt av året er at sangeren og skuespilleren Tone Søyset Døving skal være med som en tredje solist på årets konserter. Turnestart er lagt til STANGVIK KIRKE SØNDAG 7. NOVEMBER KL 16:00. Du kan kjøpe billett på ICA Todalen!

Les heile saka

Søya/Todalen-gutter på Bylag og Kretslag

Søya/Todalen-gutter på Bylag og Kretslag

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. oktober 2010

Sist fredag var IL Søya og Todalen IL representert på bylaget til Kristiansund som spilte mot Molde på Årølia kunstgress. Kampen endte 2-2 etter at nordmøringene ledet 1-0 etter en god førsteomgang. Mer om kampen her. I den 17 mann store troppen var Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 representert med Brage Hauglann Talgø og Ørjan Nes Haugen, henholdsvis nr 2 og 4 fra høyre i bakerste rekke på lagbildet.

Les heile saka

Ledige billettar til «Med segl og Wichmann» enno!

Ledige billettar til «Med segl og Wichmann» enno!

Jon Olav Ørsal Måndag 25. oktober 2010

Det er song- og teaterkrefter frå Todalen og Åsskard som som har blankpussa songane og sjømannshistoriene når kabareten «Med segl og Wichmann» blir sett opp i Surnadal kulturhus laurdag 30. oktober 2010. Det er ein hyllest til slitet, motet og truskapen til fjordafolket, og stoffet er henta frå kvardagslivet i Bøfjorden og dei andre fjordbygdene på Nordmøre. Stoffet er utforma i vers og tonar av Bernt Bøe, som er anvarleg for både tekst og musikk.

Les heile saka