Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotoglimt frå helikopteret

Fotoglimt frå helikopteret

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. november 2010

Laurdag var det nok mange som spekulerte på kva som foregikk, da det var stor helikopteraktivitet i Todalen. Todalen.no laga sak på dette, og bekrefta at det var Svorka Energi som dreiv linjeinspeksjon med helikopter. Fotografen ombord var Arild Solberg frå Sykkylven, og han har sendt oss nokre bilete frå helikopterturen rundt i Todalen. Fotolyset var nok ikkje det beste laurdag formiddag, men Solberg fortel at formålet var å fotografere mastene slik at Svorka kan sjekke om det er naudsynt med tiltak.

Solberg fortel at dei har fotografert alle masten i heile Svorka-distriktet. Det vil seie dei 3 kommunane Surnadal, Rindal og Halsa. Dei har bruka fire heile dagar med helikopteret, og skulle dei gjort dette arbeidet frå bakken ville dei bruka fleire år på jobben.

Bildegalleri frå linjeinspeksjonen i Todalen.   Alle foto: Fotograf Arild Solberg, Sykkylven

Publisert: 2. november 2010, 22:15