Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med segl og Wichmann for fullt hus

Med segl og Wichmann for fullt hus

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2010

Surnadal kulturhus var nerast fullsett da fjordakabareten «Med seg og Wichmann» vart vist laurdag kveld. Det er Bernt Bøe som har vore primus motor, og stått for både tekster, musikk og regi for kabareten. Den var ein hyllest til slitet og motet og truskapen, skriv Bøe i programmet. Med seg hadde han Bøfjord mannskor, Åsskard kyrkjekor og Todalskoret.

Programmet inneheld sjølvsagt mykje fin song og musikk, krydra med gode historier og ga eit godt bilde av livet i fjordane i gammel tid, både på godt og vondt. Det var ein heder til til dei gamle sjøfararane som kanskje framfor nokon batt sammen by og land, men også ein heder til dei sam var igjen heime.

Dyktige aktørar gjorde kvelden i kulturhuset til ei stor oppleving, og vi må gje honnør til både store og små for innsatsen. Publikum viste da også at de sette pris på framvisinga med skikkeleg applaus under programmet og ståande applaus til avsluttningsnummeret.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra framføring av «Med segl og Wichmann.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 31. oktober 2010, 12:00 - Sist oppdatert: 2. november 2010, 07:48