Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7204 artiklar i dette arkivet.


Stavgang med intimkonsert

Stavgang med intimkonsert

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juni 2011

47 personar var samla på Vang skisenter da stavganggruppa hadde siste samlinga i vårsesongen. Etter marsjen var det servering av graut (mølsgraut og smørgraut) og bakels, medan Guri Saltnes og Lars Vang spela alt frå vakre songar til feiande pols.

Les heile saka

Den glade laks….

Den glade laks….

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. juni 2011

Laksen var nok ikkje glad, men fiskaren var desto meir oppstemt da vi trefte Tore Kåre Eriksen på Todalshytta onsdag kveld. Eriksen vart den første til å sprengje 10-kilosgransa i år, og ikkje nok med det; han tok ein på 8 kilo tysdag også. Han fortel at storlaksen vart teken på sluk mellom Oddøyneset og Oddøyøran onsdag. Og han hadde nok litt flaks når han tok laksen til lands, for da han skulle ta ut kroken gikk den tvert av! Vi reknar med at det heretter blir fast prosedyre å kontrollere krokane når det settes på ny sluk!

Les heile saka

St. Hans på Bordholmen

St. Hans på Bordholmen

Terje Nordvik Onsdag 22. juni 2011

Todalen I.L. inviterer bygdafolket til St. Hans-feiring på Bordholmen torsdag 23. juni kl 18.00.  Det blir ordna med varme på grillen og kiosken er open for salg av kaffe, is og brus. Ta med eigen grillmat!  Fritt leide for borna med fotball, leik og bruk av trøbilane.  Alle er velkomne!


Lopper til Todalsdagen

Lopper til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juni 2011

No er det tid for å rydde i skuffer, skap, loft og kjellar for å finne fram lopper til Todalsdagens store loppemarknad, seier Jostein Bruset og Borghild Talgø i «Loppekomiteen». Vi tek i mot lopper onsdag 29., torsdag 30., samt fredag 1. juli på Bordholmen. Treng du hjelp kan du ringe til Borghild 908 41 614 […]


Loddsalget fortsett

Loddsalget fortsett

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juni 2011

Martin og Karoline dreiv loddsalg ved ICA Todalen laurdag føremiddag. Det er førehandssalg for SuperLotteriet til Todalsdagen, og dei fortalte at loddane gikk unna. Søndag ettermiddag var Trym og Ingebrigt på plass for å selge lodd. Jobben går på omgang.

Les heile saka

Vedsjau på Todalshytta

Vedsjau på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juni 2011

På Todalshytta har det vore mykje fokus på laksefiskarane sidan starten på laksefisket sist onsdag. Men det er ikkje berre laksefiskarar oppå der, for bak uthuset var det ein gjeng som jobba med å få inn peisved til turistseongen. Dette var første sommarjobben for desse gutane, som var glade for å tene nokre kroner. Dei […]


Prestisjeoppgjør på Bordholmen tirsdag

Prestisjeoppgjør på Bordholmen tirsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juni 2011

Tirsdag kveld blir det et prestisjeoppgjør på Bordholmen. G16 har da hjemmekamp mot Surnadal. Fra Knut Haugen har vi fått kampinfo, og han skriv: «Søya/Todalen/Kvass/U G16 spiller tirsdag 21. juni hjemmekamp mot Surnadal på Borholmen stadion i Todalen. Dette er et meget prestisjefylt oppgjør, der spillere som er kompiser på skolen skal kjempe mot hverandre […]


Med Skeisnebba som mål

Med Skeisnebba som mål

Vidar Sogge Laurdag 18. juni 2011

Torsdag 16. juni la stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til hyttefeltet Skeisnebba. Veret var kjempeflott og humøret på topp da dei 32 deltakarane la ut på tur oppover vegen frå parkeringsplassen oppe i Skeisnebba. Martinus Torvik hadde som vanleg møtt opp for å orientera om turen i dag og om turen neste veke. Da skal […]

Les heile saka

Sommarfest i Todalen Oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Torsdag 16. juni 2011

Tysdag 21.juni kl. 18.00 er det sommarfest ved Todalen barnehage og skule. Program ved barnehageungane og elevane.  Alle er velkomne!


Todalen I.L. minner om medlemskontingenten

Todalen I.L. minner om medlemskontingenten

Knut Bergli Onsdag 15. juni 2011

I disse dager er det forfall på medlemskontingenten til Todalen IL. Hvis det er noen som har mistet fakturaen eller ikke mottatt den, så er det bare å ta kontakt med kasserer Knut Bergli på tlf 905 91 555, eller send en e-post til kasserertodalen@yahoo.no . For enkeltmedlemer koster det 250 kroner, for familier er det […]


Første laks i morgontimane

Første laks i morgontimane

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2011

Kvart over 7 i dag tidleg kom den første laksen på land. Det var ein firekilos rugg som vart lokka fast på kroken av Per Ørsal. Per har vore ivrig fiskar heilt sia gutadagane heime på Sagtrøa, og er nok fast inventar når fisket i Toåa startar. Slik også i år, og etter å ha fått laksen på land bar det heimover med fangsten. Men han var ikkje ferdig med dette, så etter ein liten kaffepause bar det ned i elva igjen, og til Tømmermelhølen der han tok den første laksen. Og her nappa det igjen, og dermed var laks nummer to eit faktum. Denne var litt større, og veksta stoppa på mesta 8 kg. Dermed var Per ferdig med fisket for i dag, for fangstavgrensinga i Toåa er 2 laks per fiskar pr dag.

Les heile saka

Ny sesong i Toåa

Ny sesong i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juni 2011

Frå midnatt er laks og sjøaure «fritt vilt» i Toåa. Sesongen i år varer frå 15. juni og varer til 15. august, og det er same fisketid for både laks og sjøaure. Det er bra vassføring i Toåa etter regnet og snøsmeltinga dei siste dagane. Og etter vêrmeldinga på yr.no vil det fortsatt bli litt regn utover veka, og vassføringa vil nok halde seg. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske som altså kjem i gang 2 veker seinare i år enn i fjor, etter reguleringa av laksefisket som direktoratet har gjort.

Les heile saka