Julestunt med bra besøk
Førjulsstuntet som Todalen.no hadde utafor ICA Todalen laurdag var bra besøkt. Det var styret i Todalen.no som gjorde ein liten aksjon for å selje kaffekrus og personlege medlemskap i nettsida. Dei serverte kaffe, julebakst og nystekte bakels, og sjølvsagt julegløgg, til bygdefolket som var innom butikken ein elles gråkald førjulslaurdag. I løpet av formiddagstimane var det eit knapt hundretal som var innom standen.
Les heile saka