Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Betalingsteminal like rundt hjørnet….

Betalingsteminal like rundt hjørnet….

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. desember 2011

Gladnytt frå HalsOil i dag! Ny moderne betalingsterminal blir årets julegåve til todalingane og andre som fyller drivstoff på HalsOil. Ny terminal er bestillt og målet er at den skal være på plass til jul.  Terje Nordvik fortel at den nye betalingsterminal vil koste rundt kr 125.000 før den er komen på plass og i drift. Da er det lagt nye kablar inn til kassaterminalen og betalingsterminalen montert ved pumpa.

Det var 1. september den gamle slutta å virke, på grunn av at den ikkje var i stand til å lese minichipen på bankkorta. I mellomtida har Terje jobba for å få tak i ny terminal uten alt for store investeringar. No er avtalen om kjøp av ny terminal i boks, og den vil bli montert så snart den kan leverast frå produsenten. Den gamle terminalen vart installert i 2006, saman med pumpeanlegget, og det kom som ei stor overrasking at den var gammeldags og ubrukeleg allereie etter 5 år.

Terje takkar for at todalingane har vore tolmodige og fylt drivstoff i opningstida for butikken. Salget har nok gått ned litt i denne perioden, men han håpar at alle kjem att som drivstoffkundar når den nye terminalen er på plass. Dette støttar vi fullt ut, og oppfordrar alle til å kjøpe drivstoffet lokal. Det er på den måten du tek vare på det lokale alternativet. Slagordet må bli at vi reiser ut av bygda med full tank, og kjem att med tom tank!

Publisert: 1. desember 2011, 19:35