Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7206 artiklar i dette arkivet.


Dei to første laksane på land

Dei to første laksane på land

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Dei to første laksane er komne på land i Toåa. Den første var det tor lerstang som tok, i år som i fjor, og det var eit fint eksemplar av ein villaks på 7,5 kg. Den vart teken på Ramsøy-valdet. Men ein god nummer to vart Bjørn Anthony frå Vågland, som tok ein laks på 5,8 kg ved Lakssteinen frå Djupdalssia.

Les heile saka

På tide å finne fram lopper….

På tide å finne fram lopper….

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Todalsdagen nærar seg med stormskritt! Laurdag 29. juni er det kalrt for nytt Todalsdag-arrangement, og planlegginga har no pågått lenge i Todalen idrettslag. Loppekomiteen har alt starta innsamling av nye lopper, for loppemarknad høyrer sjølvsagt med som ein del av todalsdag-arrangementet. Dei er interessert i alt muleg (unnateke klær, for det tek saniteten seg av!) av «ting og tang», slik som koppar, kar, gamle bøker og andre ting du har til overs.

Les heile saka

Ute av drift nokre timar laurdag….

Ute av drift nokre timar laurdag….

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Nettsida var ute av drift nokre timar laurdag. Serverproblem var nok årsaka til at det ikkje gikk an å kome inn frå ca kl 10 og utover dagen til 19-tida. Var du ein av dei som forgjeves prøvde å kome inn på Todalen.no i dette tidsrommet så vil vi beklage det, og håper og trur […]


Klart for bading!

Klart for bading!

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

I kvald gikk Hønhalsen av. Dermed er det klart for å starte badesesongen for den som har ønske om det.  Når Hønhalsen går av er det eit gammelt tegn på at sumaren er komen og det var ofte bruka som eit mål på at snøsmeltinga var komen så langt at temperaturen i elvane ikkje lenger […]


Postpensjonister på Todalstur….

Postpensjonister på Todalstur….

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

Torsdag benyttet Postpensjonistene på Nordmøre finvêrsdagen til Todalstur. Dei besøkte Svinviks arboret, Todalshytta, Kårvatn og Gammelfabrikken. Fra Torbjørn Flovikholm har vi fått en e-post med noen bilder fra turen som først gikk til Svinviks arboret, med utmerket middag på Todalshytta og kaffe og lefse på Kårvatn.

Les heile saka

Frå midnatt er laksen «fredlaus»…

Frå midnatt er laksen «fredlaus»…

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

Ved midnatt startar ny laksesesong i Toåa. Etter regnvêret siste døgn går det i allfall ikkje an å klage på forholda, for det er veldig fin vassføring i elva akkurat no, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Vi tok en tur oppom Todalshytta for å lukte på stemninga, og der var det alt tidleg i kveld samla fleire fiskarar som er klare til å kaste ut snøre når vi når midnatt. Nokre er på plass, medan fleire er på veg, kunne vertinne Åse Øyen fortelle.

Les heile saka

T.I.L.: Treng fleire vakter til Laksefestivalen

T.I.L.: Treng fleire vakter til Laksefestivalen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

Todalen Idrettslag er i full gang med rekruttering til vakthaldet under Laksefestivalen neste helg. Dei har alt fått mange, men tren enno nokre til for å fylle mannskapslista det er gjort avtale om. Laget får ein fin slump med penger for vakttjenesta, som kjem godt med til drifta av laget som no driv med utbygging på Tjønnmyra og i treningssentret i dei gamle postlokala.

Les heile saka

Til Kvenndalen med stavar…

Til Kvenndalen med stavar…

Vidar Sogge Torsdag 13. juni 2013

Torsdag den 13. juni møttest vi ved brua på Kvennbø og køyrde samla opp til gapahuken Kvennbu. Derifrå la dei fleste til innover dalen og svinga av i retning Skardfjellet, medan 6 stykke valde å kryssa Kvenndøla og sjå på setrene på sør-vest-sida av elva. Reportasjen er frå desse 6.

Les heile saka

Stort ras i Romådalen

Stort ras i Romådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2013

Sist søndag hadde vi eit innsalg om flaumen i Toåa, der vi kommenterte at Romåa var sterkt brunfarga. Omsider har vi fått dokumentasjon på kva som var årska til dette. Det er gått eit stort jord- og steinras i Romådalen, som har gått heilt ned i Romåa. Raset har skjedd på sørsida av dalen, bortafor Ramsøyset/Pestusetra. Åshild Halle har vært i Romådalen ein tur denne veka, sendt oss bilder frå rasområdet.

Les heile saka

Ras ved fyrløkta

Ras ved fyrløkta

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2013

I løpet av helga har det gått eit stein- og jordskred ved bekken som kjem ned utafor fyrløkta i Todalsfjorden. Stein og jord har tatt med seg ein del skog på vegene ned, og alt har hamna i fjøresteinane. Ein del av massane har vorte vaska til sjøs, men det ligg framleis mykje skog i beltet fra Fjøra og litt oppover.

Les heile saka

Toåa er flaumstor

Toåa er flaumstor

Jon Olav Ørsal Sundag 9. juni 2013

Store nedbørsmengder det siste døgner har sørga for at Toåa går flaumstor i dag. Søndag føremiddag såg det ut som vassføringa hadde nådd toppen og var på tur ned igjen. Vassføringa var på topp i Storfossen ca kl 09.00, med 67,3 m3/sek., medan det kl 13.00 var kome ned att i 57,3 m3/sek. På den tida da den var som størst var vatnet sterkt brunfarga, og vi har fått melding om at det har kome mykje brunfaga vatn frå Romåa.

Les heile saka

Superlotteriet – Loddsalget har starta

Superlotteriet – Loddsalget har starta

Jon Olav Ørsal Sundag 9. juni 2013

Laurdag var det premiere for Superlotteriet, der trekkjinga er ein del av Toalsdagen 2013 den 29. juni. Føre middagsøkta som loddselgarar var det Kristian H. Talgø, Elias Kirkevåg og Henrik Talgø som hadde, medan Marit Ingeborg Ansnes og Emma Sæther hadde sistevakta. Dei hadde mange fine gevinstar å vise fram, mellom anna ei sofagruppe frå Talgøs OutLiving-kolleksjon, IPad mini, radiostyrt bil og ei kamptrøye for det Italienske landslaget i str. 12 år.

Les heile saka