Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Toåa er flaumstor

Toåa er flaumstor

Jon Olav Ørsal Sundag 9. juni 2013

Store nedbørsmengder det siste døgner har sørga for at Toåa går flaumstor i dag. Søndag føremiddag såg det ut som vassføringa hadde nådd toppen og var på tur ned igjen. Vassføringa var på topp i Storfossen ca kl 09.00, med 67,3 m3/sek., medan det kl 13.00 var kome ned att i 57,3 m3/sek. På den tida da den var som størst var vatnet sterkt brunfarga, og vi har fått melding om at det har kome mykje brunfaga vatn frå Romåa.

Dette er større vassføring enn i pinsehelga, da vassføringa kom på knappe 65,0 m3/sek ein kort periode på pinseaftan. Regnveret det siste døgnet, saman med restar av snøsmelting i høgfjellet har gjort at Toåa altså har vokse opp frå 8,7 m3/sek som var lågaste vassføring sist fredag ettermiddag.

Det er venta litt meir regn utover dagen, men det vil etter kvart gi seg utpå kvelden, melder YR.NO i sine meldingar.

Publisert: 9. juni 2013, 15:00