Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frå midnatt er laksen «fredlaus»…

Frå midnatt er laksen «fredlaus»…

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

Ved midnatt startar ny laksesesong i Toåa. Etter regnvêret siste døgn går det i allfall ikkje an å klage på forholda, for det er veldig fin vassføring i elva akkurat no, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no.  Vi tok en tur oppom Todalshytta for å lukte på stemninga, og der var det alt tidleg i kveld samla fleire fiskarar som er klare til å kaste ut snøre når vi når midnatt. Nokre er på plass, medan fleire er på veg, kunne vertinne Åse Øyen fortelle.

Todalshytta opna også for sesongen i dag, og dei første gjestane er altså på plass. På den 112 år gamle Todalshytta er det nok mykje lakserfiskarhistorier i veggane, der engelske aristokratiet rådde grunne frå begynnelsen på 1900-talet og fram til krigen starta. Etter krigen vart det Kristiansund og Normøre turistforening som overtok hytta, og det er først dei siste åra at Åse Øyen har satsa på laksefiskarane igjen. I kveld var det altså ekstra god stemning, med gjenynsglede og mye å prate om for både vertinne og fiskarar.

Laksefiskarane gledde seg utruleg på at det skulle bli midnatt, slik at dei fikk kome uti med snøret.  Sjølvsagt er dei spente på korleis sesongen blir, men det var egentleg stor optimisme å spore i gjengen av fiskarar som var samla. Dei siste åra er det sett ut mykje smølt og yngel frå Rossåa settefioskanlegg, og dei burde vel no være på veg attende til Toåa etter fleire år i havet. Det er lett å sjå om du får ein av disse på kroken, for på all smnolt som er sett ut er nemleg fettfinnekløpt. Du finn mer info om laksefisket i Toåa på nettstaden www.todalslaks.no.

Vassføringa ved målestasjonen ved Storfossen i Toåa viser kl 15.00 i dag 40 m3/sek, og det er i allfall fine tilhøve for laksefiske i elva dei første døgna. Det er meld bra vër dei første dagane, men det kjem meir regn i midten av neste veke, melder yr.no, så alt ligg rimeleg godt til rette for laksefiske den komande veka.  Skitt fiske seier vi bare!

Publisert: 14. juni 2013, 20:51