Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7004 artiklar i dette arkivet.


Drømmedag i fjellet

Drømmedag i fjellet

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mars 2013

Laurdag var det ein drømmedag i fjellet, med gnistrande føre og sol frå blå himmel. På Innerdalsmerket og på Kårvatn var det tilsaman eit 20-tal bilar som tilhøyrde folk som hadde drege til fjells. Frå Innerdalsmerket var det køyrd opp løype mot Tristeinan og Midtryggen, og det var fleire som fortsette til Bjøråskaret. Jo Gjeldnes tok turen til Bjøråskaret, saman med kameratane Øystein Wiig og Bjørnar Brøske. Dei kunne rapportere om god temperatur i sola, og heilt vindstille på toppen.

Les heile saka

Kjempefint føre og løyper

Kjempefint føre og løyper

Jon Olav Ørsal Fredag 8. mars 2013

Arnt Ivar Brøndbo melder om nyeoppkjørte løyper og kjempefint føre. Det er køyrt opp løyper frå Innerdalsmerket til Skihytta, via Talgøsetra og Tristeinan og ned i Øyalia.  Det er no skare med ca 5 cm nysnø oppå. Men vær forsiktig, for det meldes om moderat snøskredfare for Trollheimen, og vêrmelding for turen finn du på […]


Todalen.no – tid for årsmøte

Todalen.no – tid for årsmøte

Jon Olav Ørsal Fredag 8. mars 2013

Det er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 12. mars kl 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saklista står vanlege årsmøtesaker.

Les heile saka

Ola Nordvik ny ledar i Nordvik grendalag

Ola Nordvik ny ledar i Nordvik grendalag

Jon Olav Ørsal Fredag 8. mars 2013

Et 20-talls personer hadde møtt fram da Nordvik grendalag avviklet sitt årsmøte i onsdag kveld. Lagets leder ble valgt til ordstyrer, og sekretæren til referent. Deretter gjekk enover til innkallingen og saklisten som ble godkjent uten anmerkninger. Årsmeldingen ble opplest og godkjent, og det samme med regnskapet.

Les heile saka

Søndag er det husbasar

Søndag er det husbasar

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mars 2013

Søndag 10. mars er det stor husbasar i Ungdomshuset. Det er husstyret i Todalen i.L. som er arrangør, og dei har den siste tida vore i full aktivitet med førehandssalg av lodd, både på felleslista og på dei to hovudgevinstane som er med på basaren. Husbasaren har fått ei hagemøbelgruppe, med bord og 4 stolar frå OutLiving-kolleksjonen på Talgø, og i tillegg loddar dei ut eit fint måleri som dei har fått med kunstnaren Elisabeth Aas.

Les heile saka

Johan er klar for Birken, igjen…

Johan er klar for Birken, igjen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2013

Laurdag 16. mars er Johan Kvendset på plass på Tingstadjordet på Rena, der startområdet for Birkebeinerrennet er. Det er 23 gong han stiller til start i år, og no finpusser han forma for å førebu seg best muleg til den 54 km lange turen fram til skistadion på Lillehammer. Kl 07.30 må han være på plass og klar til start saman med resten av klasse M75, som er Menn 75 – 79 år. I år har han startnummer 820 på turen over fjellet. Han har til no gått Birkebeinerrennet 22 gonger, og har klart merket kvar gong. Det står det respekt av.

Les heile saka

Laurdag blir livleg i kulturhuset

Laurdag blir livleg i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2013

Laurdag 9. mars, mellom kl 13 og 16, er det barnas kulturdag i kulturhuset. Og vi gler oss til at huset skal bli fullt av blide og spente småtassa, skriv kulturhussjef Karstein Telstad i ein e-post til Todalen.no. Det blir som vanleg tegning, ansiktsmåling, lesestund, dans og teater. I år skal vi ha ein lokal vri på teatret, da det er spesialbestilt fra Nordmøre Folkehøgskule.

Les heile saka

Feirer 1-årsdag på kvinnedagen

Feirer 1-årsdag på kvinnedagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2013

Fredag 8. mars er det eit år sia Surnadal trenings- og velværesenter flytta inn i nye lokaler og utvida verksemda. Det vil dei markere skikkeleg, og slår til med open dag (og kveld) med mange gruppetimar og instruksjon i styrkesalen og bootscampen. Og denne dagen er det gratis, og dersom du blir medlem den 8. mars får du gratis innmelding og ein månad gratis trening der klatreveggen er med i abonnementet.

Les heile saka

Cecilie Skog kjem til Vandrefestivalen…

Cecilie Skog kjem til Vandrefestivalen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2013

Cecilie Skog blir nok det store trekkplasteret når Norsk Vandrefestival blir arrangert i perioden 2.-4.- august i år.  Norsk Vandrefestival skal ha base i Svinviks arboret i år, skriv Driva på sine nettsider Driva.no.  Norsk Vandrefestival arbeider no med å få på plass resten av programmet til årets vandrefestival, og dei oppmodar om å sette […]


Stordrift i Brusetmarka

Stordrift i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2013

Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein last bærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.

Les heile saka

Gudsteneste og årsmøte

Gudsteneste og årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.


Etterakster etter regn og storm

Etterakster etter regn og storm

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Arbeidet med å opne stikkrenner og skaffe avløp for oppsamla vatn held fram. Vegvoktarar og folk frå kommunen har vore i aktivitet heile helga for å skaffe avløp for alt vatnet. No er det stort sett opprydding og finpussing som pågår, samtidig som det er mindre nedbør fram til tysdag ettermiddag, da det blir litt snø etter meldingane til yr.no.

Les heile saka