Laurdag: Ny familiedag i Skulstuå
Laurdag 29.mars samlast vi til familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker i Skulstuå.
Vi fann 7047 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 29.mars samlast vi til familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker i Skulstuå.
Odd Arne Halaas fikk god kontakt med publikum da han gjesta Skulstuå i Todalen med sitt «Todalprogram» med song og musikk etter Evert Taube. Eit trettital tilhørarar fylte Skulstuå, og dei fekk jammen valuta for pengane. Halaas kunne by på både kjent og ukjent song og musikk etter Taube, og vi vart etter kvart imponert over den sterke og klare songstemme til artisten og trubaduren.
Det var konfirmantane som var i fokus søndag kveld. Da var det nemleg ungdomsgudsteneste i Todalen kyrkje, der alle konfirmantane i Stangvik prestegjeld var samla. Og gudstenesta var det konfirmantane sjølv som heldt, med litt hjelp frå soknepresten Bernt Venås som var god å ha når prekena skulle gjennomførast. Men konfirmantane kom godt ut av det med gudstenesta, og lyt jammen få skryt for gjennomføringa.
Det vart ei stor rekning i kjøvatnet etter raset som gikk 31. juli i fjor. Møre og Romsdal fylkeskommune søkte Kommunaldepartementet om å dekkje dei 17 millionane som dette utgjer, men har no fått avslag. Dermed må dei ta rekninga sjølv. Kostnadane utgjer rundt 67 kroner pr innbyggjar i Møre og Romsdal. Sjølv om rekninga vart stor, var det gode ord for oss som var isolert, da fylkesordføraren ga beskjed om at det ikkje skulle stå på pengar for å få oss ut av isolasjonen.
Snømangelen i vinter har gjort at elevar og lærarar har venta på skikkeleg skiføret. denne veka vart det endeleg litt snø, og da vart fredagen nytta til ein etterlengta skidag i finvêret. Dei samla alle troppane og drog til Haugligardane på føremiddagen. Ola hjelpte til med skitransport, og Ståle hadde køyrt opp fine løyper medan ungane sjølve sørga for å byggje hopp.
Dei siste 2-3 vekene har Georg Mossing gjort storfangst på Todalsfjorden. Med båt og bruk har han drevet garnfiske, og fangstar i 100-kilosklassen har ikkje vore uvanleg. Det har vore artig, og det er god helsebot i dette ,fortel han. Sjå bileta og les om fiskeriet til Georg som driv sjøen i lag med «Lita».
I dag er det 20. mars og kalenderen fortel at det er vårjamndøgn. I dag er dagen og natta like lang over heile verda, og det kjem av at sola i dag står vinkelrett på jordaksen. det nøyaktige tidspunktet var kl 16.57. Dette skjer to gong i året, og det er altså når det er vårjamndøgn og når det er haustjamndøgn. Haustjamndøgn kjem i år 23. september.
Stavganggruppa ventar på at det skal bli litt meir vår og høgare temperaturar, men over påske er dei klare for ein ny og hektisk sesong. Dei startar den nye sesongen ein tur til Haltbakkan, fortel Martinus Torvik. Det er no sett op terminliste for aktivitetane fram til ferien, og dei kan by på heile 10 turalternativ i perioden 24. april til 26. juni.
Nysnøen som kom på morgonkvisten var utruleg glatt, med skikkeleg nullføre som nok lurte fleire enn denne trailersjåføren som var på tur inn til Talgø i Todalen med tung last. Øverst i åsbøhauane vart det full stopp, og dermed vart det litt problematisk
I helga arrangerer koret Vox, Surnadal hornmusikk og band «Vårens filmhitaften». Første førestilling går laurdag kveld (22.3) og andre førestilling søndag kveld. Laurdag er det i skrivande stund berre 22 billetter ledig, medan det enno er eit 100-tal til søndagens førestilling. Begge førsestillingane startar kl 18.00.
Torsdag 27. mars kl 19 er det klart for årsmøte i Todalen I.L. No er saklista for årsmøtet klar, og er lagt ut nedafor eller du kan laste den ned som PDF. Saklista inneheld vanlege årsmøtesaker der det er rapportering om drift økonomi og budsjettframlegg for 2014, og vi vil vel tru at vi får ein situasjonsrapport frå lysløypebyggjinga på Tjønnmyra.
Palmer Vikan er ny ledar i Skog-Kompaniet frå 1. mars. Formelt foregikk «vaktskiftet» den 1. mars, og han tek over etter Kristen Bruset som går til nye utfordringar i Veidekke. Det kriblar i magen, men eg gler meg, seier Palmer, som til no har jobbe eit halvår som driftsleidar i firmaet. Heldigvis har eg 13 erfarne kollegaer med meg vidare, så dette går nok bra, seier Nordvikgardingen.