Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Musikalsk safari med Glittertind

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juni 2014

Laurdagens konsert med Glittertind vart ein musikalsk safari, der bandet serverte alt frå opprocka folkemusikk til tungrock til vel 150 publikummarar i Todalen ungdomshus. Eit begeistra publikum sette pris på musikken, sjølv om det til tiden var såpass mange decibel at ørene flagra.

Glittertind_4016

Glittertind i full aksjon på scena i ungdomshuset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

På reportoaret stod både Djevelsvart, og fleire andre låter frå siste Cd’n som kom før jul. Kvilelaus hamnar nok på toppen etter min smak, men det var fleire som var godt brukbare.

No jobbar Glittretind med ein ny CD som skal kome i haust, og bandet har vært i Todlen eit par dagar for å ta nye bilder til coveret til den nye CD’n. Vi er lova at vi skal få ein forsmak på dette bildematerialet, og det gler vi oss på.

GeirHolm_Glittertind_4111

Trubaduren Geir Holm og Glittertind i todalsdrakter under «bonuskonserten» der Holm mellom anna framførte Creedens-låter i lag med Glittertind.

Eit publikum på 150 er no litt lite med eit slik rockeband som Glittertind på besøk i Todalen, og vi tykkjer kanskje at publikum burde kjent sin besøkelsestid denne gongen. Vi som var der fikk i allfall levert ei flott konsert og ein uforgløymeleg kveld med Glittretind.

 

Publisert: 29. juni 2014, 10:51