Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen – eit stor løft

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juni 2014

Todalsdagen er eit stor løft for bygda som berre har 320 innbyggjarar. Alle må være med og ta eit tak for at ting skal kunne realiserast.  Todalsdagen engasjerte eit hundretal av sambygdingane og andre for å få det til å gå i rundt.

Alle gjer viktige jobbar, kvar på sin måte, seier Knut Bergli som er årets «festgeneral» og organisator for arrangementet. Han rettar ein stor takk til alle som har bidratt til at arrangementet skulle bli vellukka og som har gjort dei alle dei viktige jobbane som eit slikt arrangement krev. No skal årets arrangement evaluerast, før ein tek fatt på planleggjinga av neste åres arrangement. Eit år går fort, og snart er vi der  igjen.

I bildearkivet nedafor finn du ein del bilder frå arrangementet på Bordholmen og mange om langt nær alle som har stått på for å få kome i mål med Todalsdagen.   Foto: Jon Olav Ørsal og Elinor Bolme

Publisert: 29. juni 2014, 18:00