Fjord1 info: Rute 46 Kvanne – Rykkjem innstilt i kveld
Grunna værforholdene blir sambandet på rute 46 Kvanne – Rykkjem innstilt fram til i morgen tidlig.
Vi fann 7209 artiklar i dette arkivet.
Grunna værforholdene blir sambandet på rute 46 Kvanne – Rykkjem innstilt fram til i morgen tidlig.
I forbindelse med ekstremværet Tor er Svorka i beredskap. Det er stor fare for strømbrudd og brudd i våre bredbåndsforbindelser, og alle våre kunder kan følge utviklingen gjennom våre hjemmesider eller Facebook. Hvis det er noen som har opplysninger om trær over linjer eller annen informasjon, ta kontakt med oss på telefon 07165. Ved skade […]
Det er stor fokus på ekstremvêret som er i vente fredag kveld. Det er venta sterk storm på kysten, med vindkast opp til orkan styrke innover land. Det meldte ektremvêret er faktisk samanlikna med «Dagmar» som også gjorde ein del skade på indre strøk – mellom anna på Ansnessaga.
Etter kulda er det mykje is utover Stranda. Med varmegrader og tining er det lurt å være litt forberedt på at det kan kome isblokker ut i vegen. Utover Stranda er det erfaringsvis fleire plassar at dette skjer kvar gong det er ein lengre mildvêrsperiode. – No er det mykje is og da vi passerte […]
Tilflytting og aukande behov for barnehageplass har vore ei utfordring for Stangvik barnehage. I dag er det 45 born i barnehagen, men snart blir dei 50. Før jul vart den nye avdelinga klar til bruk, og torsdag var det klart for offisiell opning av den 4. avdelinga ved barnehagen. Nå er det tilsaman 67 barnehageplassar ved dei 4 avdelingane, og det er i dag 17 tilsette ved barnehagen og snart blir dei 18.
Onsdag var det torvtekkjing på nyhuset til familien Gjeldnes/Skjerve i Bekkerhagan. Dei har venta på mildvêret etter siste snøfallet for å få lagt på torv etter at det vart tett tak og nytt tro var ferdig til jul. Denne veka er det lagt på isolasjon og gjort klart til torvtekkjing og onsdag kom bilen frå Frosta med eit heilt lass med torv, og kran for å løfte torva på plass. I løpet av 2-3 timar var begge taksidene dekt og jobben var gjort.
Har du lyst til å drive med sal og er interesert i friluftsliv og vintersport har Kårvatn Fjellustyr ein jobb som er midt i blinken for deg! Kårvatn Fjellutstyr har butikk på Kårvatn, med allsidig utval i klær for både sport og fritid, samt klatreutstyr og er av dei leiande i distriktet på utstyr til randonee- og alpinsport. Bla vidare og les annonsen!
Stangvik historielag avviklar sitt årsmøte for 2016 tysdag 2. februar. Det skjer på Stangvik oppvekstsenter, og startar kl 19.15. På agendaen står vanlege årsmøtesaker. Elles kan dei by på servering, og så får dei besøk av Sven Olav Svinvik frå Todalen historielag, som kjem for å vise og fortelje om arbeidet med å digitalisere gamle fotografi, melder […]
Driftsstyret for vinteranlegg, snøskuter og Skihytta informerer om drifta utover vinteren. Dei er ansvarlege for lysløypa, skihytta og for oppkjøring av skiløyper. I tillegg har dei løyve for leigekjøring på sørsida av bygda, medan Gunnar Nordvik har løyve for nordsida. Lysløypa på Tjønnmyra Det er no kome snø i lysløypa og det er kjørt opp […]
Ja, det var nettopp tittelen på kåsesiet til Einar Oterholm, da Todalen historielag inviterte sine sambygdingar til «Ettermiddagskaffe» i Ungdomshuset søndag. I sitt kåseri kunne han by på både innføring i korleis augene virkar og korleis dei virkar i lag med hjarnen, litt synstesting, optiske bedrag – vist på lystbilder og som øvelsar som publikum deltom i – og fikk forklart kvifor det var slik.
Tirsdag 16. februar skal Surnadal Røde Kors arrangere sitt årsmøte. Det skjer i Røde Kors-huset på Bøvra kl 19, og det står vanlige årsmøtesaker på agendaen. Dersom du har aktuelle saker til årsmøtet må disse meldes inn innen 10. februar til leder Reidar Brøske på epost re-bro@online, melder styret som byr på enkel servering på […]
Torsdag var den første soldagen. Sissigrenda er av de første som får att sola, men da var det snøføkk og ingen fekk gleda av å ta i mot sola. Torsdag klårna det etter kvart opp, og da var sjølvsagt gleda stor. Først ute er nok uten tvil Hjellnes, og lenger inn er Todalshaugen først med 17. – 18. januar og vidare resten av Sissigrenda som altså får sola den 19. Eit par dager etterpå er sola på plass på Matkroken og Talgø. Sidan blir det litt etter litt sol oppover bygda og Husbygrenda har offisiell dato 27. januar.