Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Du skal ikkje tru alt du ser…

Jon Olav Ørsal Sundag 24. januar 2016

Ja, det var nettopp tittelen på kåsesiet til Einar Oterholm, da Todalen historielag inviterte sine sambygdingar til «Ettermiddagskaffe» i Ungdomshuset søndag.  I sitt kåseri kunne han by på både innføring i korleis augene virkar og korleis dei virkar i lag med hjarnen, litt synstesting, optiske bedrag – vist på lystbilder og som øvelsar som publikum deltom i – og fikk forklart kvifor det var slik.

DSC_6267

Gut eller jente – lys og kontrast kan gjera mykje med eit bilde! Foto: Jon Olav Ørsal

Den pensjonerte fysikklæraren mange artige eksempel og øvelsar, som kunne sjå mystisk og uforklarlege ut, men som hadde si heilt enkle forklaring. Fleire av disse gikk på effektar vi får frå dybdesynet vårt og vidare samspelet mellom augene og hjarnen. Vi kan berre tenkje oss kor enkelt det er å kjenne att eit ansikt eller dyr, men kor vanskeleg det kan være når bildet snur opp ned.

Etterpå vart det ein lang kaffepause med rikeleg med til sosial prat og diskusjon om at det rare som vi sett og opplevd gjennom foredraget – med tilhørande bakels og smørgraut til. og heilt til slutt var det trekning i lynlotteriet med mange gevinstar. Neste arrangement i historielagets regi blir torsdag 18. februar, da det blir filmkveld. Det er ein film som Svein Åge Saksen har laga og viser eit intervju med Gumund Halle på Kårvatn. Intervjuar er Olav P. Kvendset, og temaet for samtalen er kraftverk og kraftverksbygging.

Bildegalleri fra kåseri, kaffeslabedas og lotteri med Todalen historielag.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. januar 2016, 20:55