Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det torvtak på ein blunk…

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. januar 2016

Onsdag var det torvtekkjing på nyhuset til familien Gjeldnes/Skjerve i Bekkerhagan. Dei har venta på mildvêret etter siste snøfallet for å få lagt på torv etter at det vart tett tak og nytt tro var ferdig til jul. Denne veka er det lagt på isolasjon og gjort klart til torvtekkjing og onsdag kom bilen frå Frosta med eit heilt lass med torv, og kran for å løfte torva på plass.  I løpet av 2-3 timar var begge taksidene dekt og jobben var gjort.

Her er torvtaket kome på plass. Torva kom frå Frosta, klar for leggast på taket. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to taksidene er tilsaman rundt 170 m2 og jobben var som sagt unnagjort på 2-3 føremiddagstimar. Det er Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som skal fortsette jobben med huset, og no når taket er ferdig er det utvendig kledning og montering av vindu som står for tur.

Mannskap_bekkerhagan_6365

Frå venstre Gunnar Nordvik, Kristoffer Nordvik (elev på tømrarlina på SVS), byggherren Anders Gjeldnes og Lars H. Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Kaffepause_6358

Pause i brakka. Frå venstre Gunnar, Kristoffer, Lars og Anders. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 27. januar 2016, 15:14 - Sist oppdatert: 28. januar 2016, 00:56