Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7014 artiklar i dette arkivet.


Endeleg vart det snø

Jon Olav Ørsal Sundag 22. november 2015

Hallvard og Tor Asbjørn sett stor pris på at det vart kvitt på marka. Hallvard har funne fram skiutstyret og, Tor Asbjørn prøva akebrettet, da Todalen.no trefte dei to i Brusetmarka søndag føremiddag. Kanskje litt i minste laget for å laga fine skiløyper enno, men det var i allfall nok til litt prøvekjøring på plena på Liatun, men dei to ønska seg sjølvsagt litt meir snø og skikkeleg skiføre.


Runda av prosjektveka med japansk teseremoni

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. november 2015

Det var nok billedkunstnaren Karin Augusta Nogva som var mest i fokus på eventsdagen til prosjektveka «Fire in the hole» i Austigarden. Ho tok publikum med på ein artig og flott Japanskinpirert teseremoni saman med Møremusikaren Jo Inge Nes som trakterte trommer og fløyte med sjølvkomponert musikk som passa godt sammen. Musikken vart til etter kvart som han spela og var inspirert av nysnøen i todalsliene….


Tonekveld med omtanke….

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. november 2015

Juleverset – «Eit lite barn så lystelig» var ein av ingrediensane da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte til støttekonsert og songkveld i kyrkja onsdag kveld. Sjølv om det var berre eit lite tjuetal som tok tilhøyrarplass i kyrkja denne kvelden, så fekk iallfall vi som var der ein fin kveld med flott korsong og dei […]


Helt hinsides på Surnadal kulturhus

Steinar Hasselø Onsdag 18. november 2015

Teatret Vårt kommer fredag med «Vi bare spøker» – en stilfull komedie med stort ensemble og swingende musikk. Klart det blir snodige forviklinger med en ekskone som spøker i bakgrunnen. Bokstavelig talt. En komedie helt hinsides!


Alle damer: Bli med på randonee-kveld med Ola Berger…

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. november 2015

Ved Kårvatn Fjellustyr er dei forlengst i gang med vintersesongen, sjølv om snøen let vente på seg så langt. Onsdag 25. november trør dei til med randonee-kveld i butikken, fortel dagleg leiar Laila Kvendset til Todalen.no. Da kjem Ola Berger for å halde foredrag og vise film om randonee, med stor fokus på toppturar.


Fire in the hole – med papiromn på programmet …

Jon Olav Ørsal Måndag 16. november 2015

Prosjektveka «Fire in the hole» med Siri Skjerve og Toril Redalen som vertskap er i full gang. Det første omnprosjektet var ein teglsteinsomn som vart bygd og brent fyrt opp søndag. Første delprosjekt var vellukka, og produkta er komne ut av omnen. Måndag var det prosjekt papiromn som stod på programmet. Det er kanskje ein av dei mest primitive former for […]


Rute 46 Kvanne – Rykkjem innstilt

Jon Olav Ørsal Måndag 16. november 2015

På grunn av teknisk problem er sambandet midlertidig innstilt, er den korte meldinga som tikka inn frå Fjord 1 kl 14.39 i ettermiddag. Det kan ta tid før ferja er i drift igjen, skriv Driva på sine nettsider.


Årsmøte i Surnadal Senterparti 2015

Jon Olav Ørsal Måndag 16. november 2015

Årsmøte i Surnadal Senterparti blir halde i Sagatun, Øvre Surnadal,  torsdag 26. november kl. 19.30.  Saker til årsmøtet leverast styret v/ Nils Håvar Øyås seinast 18. november, melder styret i Surnadal Senterparti. Ny innkalling: Innkalling sp årsmøte Flyttinga av årsmøtet kjem på grunn av folkemøtet i Todalen torsdag. -Vi ser skolesaken og folkemøtet som så viktig […]


Tonekveld i kyrkja

Bernt Bøe Måndag 16. november 2015

Todalskoret inviterer til songkveld i kyrkja si onsdag. Nye salmetonar og «Korsong året rundt» står på programmet. All inntekt går til flyktningesaka. Saman med Åsskard Kyrkjekor vil vertane ta forsamlinga med på vandring gjennom ulike faser av kyrkjeåret. Det blir smak av både påske og jul og glimt frå ulike tider og stilartar i korlitteraturen. Blant komponistane er Bach, Handel, Haydn og Mendelssohn.


Premiere for årsskrift nr 14 i rekkja…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. november 2015

Laurdag ettermiddag var det bokslepp i regi av Todalen historielag, som hadde premiere for årsskrift nr 14 i ungdomshuset. Det er stor interesse for historielagets arbeid og eit femtilals interesserte deltok på boksleppet. Det var leiar John Moe som ønska velkomen, medan Dordi Jorunn Halle orienterte om arbeidet med innsamling av stoff og bilder, som danner grunnlaget for årsskrifta.


Kunst, musikk og forming – prosjektveka er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. november 2015

Fredag kveld innleia kunsthandverkarane årets aktivitetsveke med kunstutstilling i Finstuå på kulturhuset. Dei kunne by på både kunst, musikk og prøving. Publikum fikk utlevert ein klump med leire og fikk prøve seg på ei lita individuell oppgåve – ein artig måte å få kontakt med publikum på…


I dag: Historielaget med årets «bokslepp»

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. november 2015

Komande laurdag, 14. 11. kl 14.00, inviterer Todalen historielag til årets bokslepp i Todalen ungdomshus. Da kan dei by på premiere for «Årsskrift for 2015» som dei får rykande ferskt frå trykkeriet. Det nye årsskriftet er nr 14 i rekkja og inneheld 84 sider med interessant og god lokalhistorie mellom permane. I tillegg byr dei på lysbildeserie frå lagets eige fotoarkiv, og sjølvsagt blir det salg av kaffe med nystekte bakels og smørgraut.