Bruk stemmeretten din!
Måndag 25. april skal det gjennomførast rådgjevande folkeavstemming om kommunereformen i Surnadal kommune. I Todalen skjer det i Todalen skule, der vallokalet er ope frå 14.00 til 20.00 og fungerer tilsvarande som ved kommunestyre- og fylkestingvalet sist haust. I kulturhuset er det også muleg å avgi stemme søndag 24. april i tidsrommet mellom kl 17.00 til 20.00.