Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7069 artiklar i dette arkivet.


Open pub og «Spansk aften»

Jon Olav Ørsal Måndag 1. august 2016

Pakkhuset Kro melder at det er open pub komande laurdag 6. augst frå kl 21 og utover kvelden. Neste fredag – 12. august er det klart for ein ny omgang med «Spansk aften».  I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryllar fram mange spanske rettar på Pakkhusets […]


Torbjørn og Rannveig dreg til Tyrkia på jobb for Sjømannskyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 1. august 2016

Komande torsdag dreg Torbjørn Brøske til Alanya i Tyrkia på jobb som prest for Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkja og Utanriksdepartementet seier at det er trygt der, men eg må tilstå et eg er litt spent, seier Torbjørn. Kona Rannveig kjem etter om ei veke, og saman skal dei to drive Sjømannskyrkja i turistbyen Alanya i 5 veker i august og starten på september.


Tapt og funnet!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. juli 2016

Saknar du vassflaska di? – På tur til Lauvåfjellet fann Brit Grønmyr ei slik flaske oppå Knuken.  Glømte du vassflaska di da du rasta oppå Knuken, så har Brit teke vare på den, og du kan få den att ved å ta kontakt i Brit eller Eivind i Steinarstua!


Tradisjonell ønskekonsert med utradisjonell musikk

Jon Olav Ørsal Sundag 31. juli 2016

Ønskekonserten var det siste musikalske innslaget under årets Stangvikfestival med musikalsk mangfald. Med Trygve Brøske som programleiar fekk publikum ein Brahms-inpirert konsert med stor kunstnerisk variasjon. – Feira vart også det nye flygelet som Stangvikfestivalen har anskaffa saman med Vårsøghelga og Kulturskulen – med god støtte fra sponsorar.


Fiskesuppe og kunst i Bondehuset

Jon Olav Ørsal Sundag 31. juli 2016

Fiskesuppa som serveres under Stangvikfestivalen er berømt – laurdag var det stor pågang på dei to suppestasjonane i Bondehuset i Stangvik. Det var salg både ute og inne, og ville du heller ha ein fiskeburger så kunne du få det eller berre kaffe og skuffekake.


Mobilt teater gjorde suksess på Svisholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2016

At Luftforsvarets Musikkorps har stor sjangerbredde har vi forlengst oppdaga, men dei går heller ikkje av vegen for å være med på litt artig og uhøgtideleg underhaldning. Laurdag ettermiddag deltok korpset i teaterforestillinga Musika Mobile saman med Cirka teater på Svisholmen til stor fornøyelse for både store og små.


Luftforsvarets musikkorps imponerte

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2016

Det er lov å ha store forventningar når du går på konsert for å høre proffesjonelle musikarar. Laurdag hadde Luftforsvarets Musikkorps konsert i Stangvik kyrkje – 28 proffesjonelle musikarar, og faktisk det einaste proffesjonelle korpset i regionen – og dei innfridde forventningane.


Stangvikfestivalen for fulle hus…

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2016

Stangvikfestivalen har trekt mykje folk på arrangementa sine. – Både tjuvstarten med «Bunnlinja» på Gammelfabrikken og «Kommentarfeltet» har samla fulle hus og stor suksess. Laurdag fortsett festivalprogrammet med barneforestilling i Bondehuset og korpskonsert i kyrkja før det blir fiskesuppe utpå dagen. Etterpå fortsett programmet med utendørsteater på Svisholmen før laurdagsprogrammet blir runda av med «Laurdagskveld i Bondehuset». Bla vidare for å sjå laurdagsprogrammet.


Klar for Bunnlinja i kveld…

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2016

I kveld er det klart for teaterførestillinga «Bunnlinja» med Marianne Meløy og Trygve Brøske på Gammelfabrikken. Stykket har gått for fulle hus i Trøndelag Teater i april og skal settes opp igjen i november og desember.


Stadig fleire ferierer i Noreg

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juli 2016

Ein ny trend er at stadig fleire brukar ferien sin heime i Noreg. Statistikkar frå turistnæringa byggjer under dette og kvifor skal vi ikkje nytte oss av vårt eige heimland når det er som finast her – og nyte sommartida. Statistikkane frå Kårvatn og Todalshytta er berre med og bekreftar dette – Kårvatn har over 40 % auke i talet på overnattingar, og Todalshytta er hakk i hel med rundt 30 % auke.


Eivind og Nakari – kvar einaste dag….

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juli 2016

Nakari og Eivind er ute på tur kvar einaste dag. Onsdag føremiddag trefte vi dei to ved Lauvåskogan på sin runde rundt bygda. – Det er kjekt å ha ein pådrivar for å kome seg ut, seier Eivind Grønmyr om turkameraten. Og dei to tek seg ein tur både 2 og 3 gong kvar dag. Enkelte […]


Triveleg og lun friluftkonsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juli 2016

Det såg ei stund stygt ut for at det kunne bli ein regnvåt konsertkveld på Todalshytta laurdag kveld. Ein skikkeleg floing i fjella rundt Grinaren og Storfjellet såg truande ut, men veståtrekken helt regnet unna og det vart ein fin sommarkveld på bakken framfor Todalshytta – der visesongaren Asle Beck og gitaristen Gunnar Westlie sørga for underhaldninga.