Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kammen under hammaren….

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. november 2016

Går du Svinviksrunden så kan du ikkje unngå å høre (og sjå) hammarslaga i hyttefeltet på Kammen. Svinviksrunden går nemleg rett forbi hyttefeltet, og akkurat no er det to hytter «på gang».  Den eine er kome under tak og den andre på god veg.  Enno er det 5-6 hyttetomter i det regulerte hyttefeltet på Kammen.

larsgunnar_6672

Lars og Gunnar nytta finvêret til å gjæra ferdig terrrassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi måtte sjølvsagt sjå kva som foregikk, og gikk etter lyden nedover hyttefeltet.  Heilt øvert er det eit hyttebygg under oppføring – her trengs det enno finvêr nokre dagar før hytta er under tak.  Heilt nedert i feltet kom snikkarlydane frå. Det var Gunnar Nordvik og Lars Kendset som helt på og bygde terrasse på to sider av hytta.  Dei skulle gjøre frå seg mest muleg av utearbeidet medan det er så fint haustvêr.

perivarsylte_6669

Per Ivar Sylte monterte sentral for vassforsyninga. Foto: Jon Olav Ørsal

Men her var det også aktivitet innendørs – rørleggar Per Ivar Sylte frå Næss Rør og Interiør  jobba med å legge rør til både bad, kjøkken og toalett. Akkurat da vi var der var det montering av samleskåp som stod på programmet. Den vart montert i veggen på badet, og der er alle installasjonar samla. Blir det ein lekkasje på anlegget, så hamnar vatnet på badgolvet og i sluken.

grillplass_6667

langbord og grillplass er alt på plass – og med upåklageleg utsikt! Foto: Jon Olav Ørsal

hyttekammen_6666

Ei hytte er snart ferdig utvendig…… Foto: Jon Olav Ørsal

hytte2kammen_6681

……..medan den andre snart er komen under tak! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 19. november 2016, 10:48