Rute 46 Kvanne Rykkjem – normal drift frå kl 23
Det har vore driftsstans på rute 46 Kvanne – Rykkjem sia 18-tida, men frå kl 23.00 blir det normal drift, melder Fjord1.
Vi fann 7178 artiklar i dette arkivet.
Det har vore driftsstans på rute 46 Kvanne – Rykkjem sia 18-tida, men frå kl 23.00 blir det normal drift, melder Fjord1.
Det var såpass kaldt på toppane i dag at det var puddersnø, og dermed topp forhold i Bjøråskaret i dag, fortalte Mari og Sondre da vi trefte dei ved Innerdalsmerket som var start- og målpunkt for deira tur. Det var i ettermiddag 10-12 bilar på parkeringsplassen, og dermed ikkje den heilt store utfarten
I dag har det vore sol frå blå himmel, og ypparlege forhold for toppturar. Men eit godt alternativ er det jammen å møte våren og etter kvart sommaren i bygda – og for eksempel på Tjønnmyra. – Den nye gapahuken på Tjønnmyra er populær og i dag var det stor aktivitet både i gapahuken og rundt omkring. Det var full fyr på grillen og bakelspressa gikk for fullt.
Saulamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen med rette. Hos kårkall Gudmund Kvendset i Viastua blir eit trettitals sauer til nærare 100 dyr i løpet av ein månads tid. Eit yrande liv i smalastallen på denne tida, og som så mange andre på denne tida hadde Maja og Mali frå Rensvik invitert seg sjølve på lamming hos «Gudmund med sauan», og det var stas.
https://todalen.no/32-stilte-til-start-pa-kjerringdilten-lars-saether-tok-pokalen/
Det 89-ende Seterrennet vil gå over i historien hvor det ikke var snø for skirenn, men en kreativ komité med Ola Magne i spissen hadde lagt opp til et fullverdig arrangement uten ski på bena. Foruten 6 poster med påskequiz var det snøballkasting på blink, opplegging av ved, 40-leken, båltenning, vannbæring, tandemski og nordviksangen, til sammen 13 poster.
Gruppespel og innleiande konkurransar i sjakkturnering har pågått heile etterjulsvinteren – til saman har 17 personar delteke, og kjempa om finaleplassane. No går turneringa mot slutten, og kvar av dei to gruppene har sine finalistar klare til den store gullfinalen som går i Todalen ungdomshus laurdag 22. april kl 17
Todalen Idrettslag inviterer til Kjerringdilten 2017 på Skihytta. Det skjer langfredag og rennet startar kl 13.00, melder hyttekomiteen. Kjerringdilten har ein lang påsketradisjon, men det såg lenge ut som snøen kom til å forsvinne før påske, men no er no skiføret berga iallfall dei næraste dagane.
No blir det tursti langs elva – samanhengane sti frå Halsabrua og oppover på nordsida til Trøbakkan. Det står att litt rydding, men i kveld har motorsaga gått jamt og trutt, og det har gått hardt utover småskogen. Prosjektet fortsett i morgon ettermiddag, så har du lyst har du lov….
Før påske, fram til og med onsdag er det vanleg opningstid 9.00 – 18.00. I påska er butikken open på påskeaftan 9.30 – 15.00. Skjærtorsdag og 2. påskedag er det kioskope 16.00 – 18.00, medan langfredag og 1. påskedag er butikken stengt. HalsOil drivstoff selges på kortautomaten heile døgnet heile påska. Ta påskehandelen lokalt!
Todalen sokneråd arrangerer to gudstenester i påska. Det er vanleg gudsteneste i Todalen kyrkje langfredag 14. april kl 19.30. 2. påskedag – måndag 17. april blir det friluftsgudsteneste med dåpshandling på Haugligardane kl 12.