Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koka lapskaus til «heile bygda»

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. april 2017

Heile bygda er kanskje å dra det langt, men det var iallfall nærare tretti munnar som vart metta med lapskaus i Sanitetshuset i dag.  Det var beredskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som hadde invitert på middag og som vart traktert, først med lapskaus og så med sviskegraut med fløyte og kaffe og kaker til slutt.

Som sagt er var det beredskapsgruppa i Saniteten som inviterte på middag. Det er Jorunn Ørsal som er leiar for beredskapsgruppa, og ho har Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø med seg på laget. Alle tre er vant til å lage mat i store porsjonar, og det er viktig å kunne lage mat i store porsjonar dersom noko skjer, og erfaring har dei også frå Eldremiddagen som vart lagt ned for to år sia.

Viktigaste funksjonen er kanskje den sosiale biten – at folk treffer folk – og at ein kan treffast i triveleg lag. Det er noko som alle har behov for og som er triveleg. Saniteten er pådrivar i så måte, og tek heilt klart ei samfunnsansvar, og sørgjer for at den som vil kan være sosial.

Jorunn er leiar for beredskaps gruppa i Todalen Sanitetsforening og ønska gjestane velkomne

Lapskausen er servert – frå venstre Tor Holten, Lovise Jørgensen Bernt Jørgensen, Trygve halle, lars Johan Redalen og Gudmund kvendset.

Gjestar – frå venstre Johan Ørsal, Anders Halse, Anders Todalshaug May Holten, Kari Kvendset, Synnøve Talgø, Marit S. Søyset og Arndis Søyset. På andre sida av bordet: Anne Moe, Grete tTrvik, Kitty Husby, Inge Ørsal, Svein Talgø, Reidar Østvik og Hans Gundersen. Foto: Jon Olav Ørsal

Her kjem desserten – sviskegraut med fløyte. Jorunn serverer, medan Reidar og hans er opptekne med sitt.   Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. april 2017, 18:22