Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7101 artiklar i dette arkivet.


I.I. Søya – imponerande løypenett med utspring frå Vang skistadion

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. april 2018

På tampen av sesongen er det mange plassar snart slutt på vinterføret. Ein snartur innom I.L. Søyas løypenett som har utspring frå området ved Vang skistadion fikk oss til å revurdere den oppfatninga. Her er det enno mykje skiføre, og eit imponerande løypenett står til disposisjon for den som har lyst på ein skitur – eller rett og slett ein topptur til Strengen.


Trudy & Dave med flott debutsingle

Jon Olav Ørsal Fredag 6. april 2018

Trudy & Dave kjenner vi kanskje ikkje, men ser du på biletet ein gong til så oppdagar du nok at det er kjentfolk frå Todalshytta – Johanna Demker og Alf Bretteville-Jensen. No har dei formalisert samarbeidet på scena og kallar seg altså Trudy & Dave, og har nettopp lansert sin debutsingle «Force Of Nature», som kom til verden ved gapahuken i Fosstrøinn i Todalen.


Rute 46: Tekniske problem for Fjord1

Jon Olav Ørsal Fredag 6. april 2018

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Avgangen fra Kvanne 21:00 og 21:30, samt fra Rykkjem 21:15 og 22:15 blir i kveld innstilt pga teknisk problem, melder Fjord1 Frå kl 22.30 er det normal drift i sambandet igjen. 


P17: Velkomne til vårsongfest i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. april 2018

Søndag kl. 16 inviterer TriOpera og koret Prosjekt 17 til den årlege Vårsongfesten på Bøfjorden Grendahus. Allsong, morostubbar, operaperler og «Seterkabaret» står på programmet – forutan ettermiddagskaffe og utlodning til lokalt kulturarbeid.«TriOpera» består av songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Nohr og pianisten Hedda Hansen Berg.


Synkehol på plassen framfor Matkroken

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. april 2018

I fjor kom det første synkeholet på plassen framfor Matkroken – det kom i samband med tømming av sand frå avløpskummen. No viser det seg at det var fleire kummar som er skadd, og kummen ved sida av drivstoffpumpa har synket ned mellom 20 og 30 cm.


Gudsord med gjenklang og fin påskestemning på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Måndag 2. april 2018

Med alter som var pynta med snøklokker og påskeliljer var reint så god stemning da Todalen sokneråd samla rundt 50 deltakarar til friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på veret og flytta arrangementet inn i kyrkja.


Haugligardane: Friluftsgudsteneste rundar av kyrkjepåska for i år

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2018

2. påskedag – måndag 2. april er inviterer soknerådet på tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane. Tradisjonelt brukar det å være godt vêr, og det ser ut til at vêrgudane står oss bi i år også, seier Anders Gjeldnes i Todalen Sokneråd. Liturg er sokneprest Kristin Strand.


Ruth er lett på kroken?

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2018

Ja, Ruth Søyset Jensen, ho er ein tredel av ungdomsbedrifta Lett på Kroken som ho var med og starta da ho gjekk på entreprenørlinja på Ålesund vidaregåande skule. Vi skal gjera historia kort, men det høyrer med til historia at ho og mora Anne er på påskebesøk hos bestemor Marit på Heimstad. Det høyrer også med til historia at Ruth er ei retteleg bessmorjente ….


Skal varme seg på grunnvatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. mars 2018

På Bruset går det grøfter på kryss og tvers gjennom gardstunet og utover til elva uti Hagan. Onsdag før påske stoppa vi for å høre litt om kva som foregår og kvifor Per Gjeldnes Maskin lagar så djupe grøfter? Ikkje heilt uventa så dreier det seg om å hente ut varme…


Nordviksetra: -Seterrenn nr 90 er over i historia (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2018

På Nordvik er dei flinke til å ta vare på tradisjonane – det gjeld ikkje minst seterrennet, der årets renn er nr 90 i rekkja. Det blir no ikkje hugsa som det rennet som har trekt mest publikum og deltakarar, men derimot blir det eit av renna som har hatt finast vêr. Kanskje var det litt i kaldaste laget, da det heile dagen var rundt nullpunktet. Kuldegradane var rundt 10-talet natt til skjærtorsdag, og dermed vart det fint skareføre.


Det dufta godt frå kjøkkenet

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. mars 2018

I ettermiddag stakk vi innom ungdomshuset for å sjå korleis det gjekk med Kleftiko-kokkane. – Der dufta det godt, og dei var akkurat i ferd med å sette maten inn i steikeomnen. Så vi fikk med kokkane på eit bilete før dei smekka att steikeomnsdøra. Dei nytta og steikeomnskapasiteten på skulen og etter plana skal alt være ferdig til servering når revyfesta startar kl 20.


Har du lyst til å lære mer om ølbrygging

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2018

En populær hobby som grip om seg er ølbrygging. I gamle dager var det nok vanlig å brygge sitt eget øl, og det finnes nok mange oppskrifter som er basert på tilgangen på lokalt råstoff og som kanskje var mer eller mindre vellykka. Etter hvert er både utstyr til brygging og råvarer som malt og humle blitt vanlig handelsvare og er lett å få tak i. Likevel er det en terskel å komme over før en kommer i gang, og det er en fordel å lære litt før en starter. Det har du nå mulighet til, for den 26. mai blir det kurs i Skålvikfjorden, nærmere bestemt i Løvik grendehus i Halsa.