Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På Todalsdagen kan du teste hørselen din!

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juni 2018

Har du mistanke om at du hører dårleg på ei eller begge ørene dine så er det kanskje lurt å teste hørselen din.  Dersom du har litt vanskeleg for å fange opp kva som blir sagt og må spørre opp igjen ofte, så kan de være ein liten hørselskade som det kan lønne seg å gjera noko med.  Det får du sjansen til under Todalsdagen, for da kjem Hørselhemmas forening i Surnadal hit med testvogna si, og blir ståande på Bordholmen frå kl 10 til kl 15. 

Ein enkel test avslører om du har hørselskade som krev tiltak – Ola Halle og Brynhild Tjelle tilbyr gratis hørselstest under Todalsdagen. Foto. Jon Olav Ørsal

Det er nok mange som slit med dette i kvardagen og som kan få god hjelp om dei får behandling, eller høvelege hjelpemiddel.  Ein liten og uformell kontroll i testvogna kan kanskje avsløre slikt behov, og her kan du teste uten å bestille time, og attpåtil er det heilt gratis. 

Publisert: 27. juni 2018, 18:32