Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein epoke er over

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juni 2018

I går måtte den gamle Nilsstuløa gi seg for overmakta, og med god hjelp av Per Gjeldnes maskin vart den gamle løa jamna med jorda.  Den gamle og innhaldsrike løa var nok sentral i gardsdrifta i gamledagar, med både treskeverk, kvern og mykje anna utstyr.  men no vart den innhenta av tidens tann, og det var eit stort behov for vedlikehald som meldte seg, fortel Gudmund Husby som var eigar av den gamle løa.

Gudmund fortel at det er teke vare på ein god del av utstyret som var oppbevart i løa, men sjølve huset var i så dårleg forfatning at det nærast ikkje var botvon.  Derfor vart løysinga å rive heile huset, og det var ikkje lange hefta for per Gjeldnes med gravemaskina. Han laga ei stor bålgrop på trygg avstand av resten husa på Husby og så vart heile huset brent opp, unnateke ting som kan resirkulerast.

Publisert: 28. juni 2018, 13:00