Biblioteket stengt i kveld
Biblioteket i Todalen blir stengt i kveld (10.12), melder bibliotekaren. Neste måndag (17.12) er biblioteket ope i tidsrommet 18:00 – 20:00, og da er siste opningsdag før jul.
Vi fann 7102 artiklar i dette arkivet.
Biblioteket i Todalen blir stengt i kveld (10.12), melder bibliotekaren. Neste måndag (17.12) er biblioteket ope i tidsrommet 18:00 – 20:00, og da er siste opningsdag før jul.
I dag var det lysmesse i Todalen kyrkje, og bruken av lys prega sjølvsagt gudsteneste. Sokneprest Kristin Strand og konfirmantane laga ein stemningsfull innmarsj med levande lys, og med slukka lys i kyrkja. Konfirmantane hadde også ei hjelpande hand med i gudstenesta, og sørga både for tenning av lys og for lesing av inngangsord.
I dag vart vinterens første skispor i lysløypa køyrt opp. Ståle Ansnes sørga for å preparere lysløypa med løypefresen og sporsettaren som laga sjølve skisporet. Løypetraseen vart 2-3 meter brei, med både skispor for klassisk og eit bredt felt for skøyteteknikk for den som ønskjer det.
Nærast som jul i «Hundremeterskogen» – frå venstre Torill Kvande, Oddmund Jørgensen og Hubertine Roebroek. Foto: Jon Olav Ørsal
Todalen I.L fotballgruppa bles i gang fotballtrim i gymsalen på Todalen skule igjen. Det skjer kvar fredagskveld i tidsrommet 18.30 – 20.00, og det er for alle som føler at dei treng litt trim før jul. Første kvelden er fredag 7. desember og vidare kvar fredagskveld fram til jul. Kom og bli med, oppfordrar Knut […]
Tommy Fossum har gjennom heile livet sakna ein samla presentasjon av historia om lakselordane og ladyene på Nordmøre i «Engelsktida» frå midten av 1800-talet til midt på 1900-talet. Til slutt vart irritasjonen så stor at han sette i gang arbeidet med å samle informasjon – bilder, historier og informasjon kven dei var, kvar dei kom frå og kva dei heldt på med her.
I dag var medlemane i Surnadal pensjonistlag samla til julemiddag i festsalen på Nordmøre Folkehøgskule. Dette er ein årleg foreteelse, og eit populært tiltak som samlar nærast full sal. På programmet denne dagen var det ikkje berre julemiddag, men også song og musikk – og triveleg lag. Men høgdepunktet var kanskje utdeling av den årlege «Eldrearbeidarprisen» som kvart år går til nokon som har gjort noko spesielt som omsorg til glede og nytte for eldre. Og årets pris gikk til Terje Nordvik for mykje omsorg og omtanke for eldre – spesielt for bebuarane på sjukeheimen, der han ofte stikker innom på besøk.
Onsdag kveld inviterer kyrkja i Surnadal til flerkulturell adventstund i kyrkjelydshuset på Skei. På programmet som startar kl 18.00 står tenning av adventlys, julesongar, juleevangeliet – og eit måltid kveldsmat i lag. Alle er velkomne!
Årsskrift for 2018 frå Stangvik historielag er på plass i butikkhyllene. I tradisjonelt A4-format og med 60 sider med lokalhistorie er historielaget i rute både til historieinteresserte og som jule-lesnad. Årets nummer er den 12. utgåva frå historielagets skriftstyre og det inneheld mykje god og variert lesnad – litt for ein kvar smak.
Med 9 varmegrader og litt fønvind er det inga sak å arrangere julegrantenning. Det har kanskje aldri vore så bra oppmøte på julegrantenninga og folk såg ut til å kose seg med gløgg og godsaker, samtidig som ungane leika seg og venta på gang rundt juletreet og besøk av nissen. Julesongar og gang rundt juletreet hører […]
På tur opp til Skulstua på sykkel i dag såg Maria ein søppelsekk full av plastikk som låg og slong i vegkanten. I staden for berre å sykle forbi den, tok ho den like godt med seg søppelsekken på sykkelen.
Setrer og kulturlandskap – Ålvundeid og Ålvundfjor heiter boka som no er i handelen og vart høgtideleg presentert i Ålvudeid Grendahus sist onsdag. Ideen til boka vart unnfanga våren 2017, og alt i oktober i år gikk boka i trykken med rundt 160 sider med seterhistorie frå Ålvundeid og Ålvundfjord – ispedd mykje historie rundt kulturlandskap og høyløer.