Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alle medaljer til Norge

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. mars 2019

På Skihytta er det i helga arrangert vinterblot, og dagens øving har vore skiskyting med internasjonal deltaking. Resultatlista understrekar kor suveren Norge er i denne sporten, der dei beste utlendingane kom kom på 6. og 9. plass.  Kristoffer Nordvik kom ikkje uventa på topp, Endre Talgø på andreplass og Ola H. Ansnes tok 3.plassen.  Først på 6 plass kom den beste tyskeren, der Carsten Bohle representerte ein av de største skiskyttarnasjonane. Beste svenske deltakar, Bjørn Halle Larsnes, kom på 9.-plass.

Arne Hole var førstemann inn på standplass, men vi trur holdet vart for langt! Foto: Terje N.

Øvelsen er 5 skot liggande, deretter 2,5 km langrenn og så 5 skot ståande.  Etter resultatlista som er lagt inn nedafor kan vi kome med eit klart hint til nederste halvpart på lista om å legge seg i trening både i skisporet og på standplass. Søndag er det fridag ettersom det i kveld arrangeres ein krevjande bankett på Skihytta.

 

Den offisielle resultatlista frå skiskytinga på Skihytta.

Publisert: 16. mars 2019, 19:33