Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 139 artiklar i dette arkivet.


20,5 grader målt i Båthølen

Guro Redalen Sundag 21. juli 2024

Utvida Bekkerhagan Badeklubb har meldt inn badetemperatur på heile 20,5 grader i Båthølen i dag, og med det ryddar todalen.no sjølsagt framsida for å få plass til denne viktige folkeopplysningssaka.


– Ikkje værra ei kobbklys-pys

Guro Redalen Laurdag 13. juli 2024

Dag to med strålande sommarvær, og alle media med respekt for seg sjølv bør med det kome med anten ein badetemp-oppdatering eller råd om korleis unngå mygg. Vi gjekk for det første, så her er det berre å finne fram badebrok og svømmeknapp!


Turtips i Todalen

Guro Redalen Torsdag 11. juli 2024

Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? Fortvil ikkje, her kjem tips til 11 ulike turar med ulik pulsgrad!


Fra Toåa Tursti månadens bilete i mai

Guro Redalen Måndag 17. juni 2024

Toåa tursti er meir enn ei stripa for hyggelege treff og trimpoeng-jakt, det er òg tittelen på vinnarbilete for mai. Meisterfotografen bak er Torkjel A. Moe – vi gratulerer!


Kåring månadens bilete mai

Guro Redalen Laurdag 8. juni 2024

Hugsar du noko anna fra mai 2024 enn at Hønhalsen fall tidleg i år? Om ikkje så kan kanskje kandidatane til månadens bilete hjelpe på minne. Det er dags for å gå til den digitale stemmeurna og kåre ein vinnar.


Skogens konge kåra til månadens bilete i april

Guro Redalen Tysdag 14. mai 2024

Det er enno ein del månader igjen til elgjakt med gevær, men Ingri Bruset har klart å få inn eit blinkskot med kameraet av skogens konge. Og no er bilete kåra til det beste bilete i april. Vi gratulerer!


Månadens bilete april

Guro Redalen Sundag 5. mai 2024

Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde april både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.



Stem på månadens bilete i mars

Guro Redalen Fredag 5. april 2024

Vi vel oss april, men først kastar vi blikket tilbake på mars og kandidatane for det beste innsendte bilete denne månaden. 


Påskekrim 2024: del 5

Guro Redalen Sundag 31. mars 2024

Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?


Påskekrim 2024: del 4

Guro Redalen Laurdag 30. mars 2024

I går lærte vi at bakelstyngda er det beste middelet for å kome seg ned til bygda igjen. Eit klassisk «vest du ikkje det?» spør du meg. Men det gjer du truleg ikkje, for du er kanskje klar for del fire av påskekrimmen? Her er den!


Påskekrim 2024: del 3

Guro Redalen Fredag 29. mars 2024

Kanellsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!