Kulturell vandring til Søyådalen
Stangvik Historielag minner om turen innover Søyådalen søndag 5. august. Oppmøte ved gammelskulin oppå Eidet kl. 10.00. Samkjøring derifrå, ingen bomavgift.
Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.
Stangvik Historielag minner om turen innover Søyådalen søndag 5. august. Oppmøte ved gammelskulin oppå Eidet kl. 10.00. Samkjøring derifrå, ingen bomavgift.
Gunnvald Bøe kåserer om dialekt og anna godt språk på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Ny utgåve av samlinga «Teft og tykkje» blir presentert. «Teft og tykkje» er bøfjordsk for «smak og behag». Ja, meir enn det – her ligg både sans (teft) og refleksjon (tykkje) bak!
Det meldes om brukbar temperatur også i vatnet for tida. I Båthølen er det no ypperlege badeforhold for både store og små ved den fine sandstranda.
Da har vi fått tilsendt bilder og info av dei første boligane for utleige i Todalen etter at mobiliseringa med å få meir folk til bygda starta. Skulle det være nokon som er interessert i å leie nokre av desse eller ynskjer meire info om utleigeobjekta, må dei ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707.
Etter i underkant 10 kulturelle innslag og opptil fleire etargilder var det på sin plass å avslutte helgas Stangvikfestival med litt god gamaldags fysisk fostring og fotball på høgste nivå. I alle fall så høgt nivå som deltakarane tillot, når Svissholmen fyltes opp med folk for siste post på programmet: fotballturnering.
Surnadal hadde i junni besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. Fredag 27. juli kl. 14 kjem han tilbake til Surnadal kulturhus – og håpar med god hjelp frå surnadalingane å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet, melder kultureininga ved Surnadal kommune
I dag har Træff med dei fire surnadalsjentene spela to nye kampar i Dana Cup i Danmark. Første kampen møtte dei Kenty BT frå Sverige. Her vann dei komfortabelt 5-0, før dei fekk ein liten pause utpå dagen før ny kamp til kvelds. Denne var mot Trondhems-Ørn, og trønderjentene tok leiinga ganske fort.
Kvinneutvalget i Surnadal jeger og fiskerforening i lag med kvinneutvalget i fylkeslaget inviterer til aktivitetshelg for jenter 11.- 12.august 2018. Dei gjentek opplegget frå i fjor, og legg turen til Jutulbu i Halsa.
Måndag kveld hadde styringsgruppa i bolystprosjektet «Todalen 2022» eit evalueringsmøte etter arbeidet som starta for knappe to månadar sidan. Og dei tre karane Ragnar, Jostein og Bjørn Gunnar var godt fornøgd med utviklinga i prosjektet så langt. Styringsgruppa fekk i første omgang mandat å skaffe kapital, og saman med PT-utvalget å endre styringsform på PT-utvalget til eit grendalag.
Denne helga sparkar unnar og ungdommar frå heile verd i gang verdas største fotballturnering atter ein gong. Sidan 1972 har Bækkelaget FK arrangert turneringa si på Ekeberg, medrekordoppslutning på godt over 2100 lag og 6000 fotballkampar i løpet av ei veke. Hverken Todalen eller Søya stiller eigne lag i år, men det likevel fleire ungdommar frå begge klubbar representert.
Surnadal kino hadde som målsetting å nå 700 i besøk på «Mamma Mia 2». No ligg det an til enno betre tal. For det var 371 som fekk med seg «Mamma Mia – Here We Go Again» på opningshelga, og det er knapt 100 som allereie har reservert billettar til komande framsyningar.
Med 11 ulike arrangement frå torsdag til søndag er det no snart klart for ei livått helg i Stangvika (og Todalen). Åpninga skjer som nemnt i Todalen med oppsetjinga Unni Boksasp Emsemble og Opus 72017. Men festivalstyret lovar ei fullspekka helg med kulturelle variasjonar, og garantert ovasjonar.