Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Teft og tykkje på museet i Bøfjorden

Bernt Bøe Onsdag 1. august 2018

Gunnvald Bøe kåserer om dialekt og anna godt språk på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Ny utgåve av samlinga «Teft og tykkje» blir presentert. «Teft og tykkje» er bøfjordsk for «smak og behag». Ja, meir enn det – her ligg både sans (teft) og refleksjon (tykkje) bak!

Eg vil vise samanhengar mellom ords opphav og korleis dei blir bruka i daglegtale og skrift, seier kåsøren, som er pensjonert lektor med nettopp dette som spesialitet. – Dialektene ligg tett opptil grunnformene i språket og er brukande til langt meir enn «pussige» revytekster.

Den aktuelle stadnamndebatten tek han ikkje opp. Men Gunnvald vil peike på andre, gjerne ukjende, språklege samanhengar. Kvifor heiter det «graut» og «matros»? Kva betyr Göteborg? Har gardstun noko med engelsk å gjera?

Sitat frå nordmørske skribentar vil krydre programmet. Både Ingeborg Glærum Solem, Leif Halse og Edvard Langset har levande nordmørsk språk i sine bøker – både opplysande og underhaldande.

Og kjenner vi kåsøren rett, utfordrar han vel forsamlinga i ein quiz – nei, rettare, «haubrott»!

På kjøkenet syter i alle fall Elise og Kari for kaffe med noko attåt.

Publisert: 1. august 2018, 08:34