Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spitfireflyet skal «rekonstruerast»- har du info?

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2018

Surnadal hadde i junni besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. Fredag 27. juli kl. 14 kjem han tilbake til Surnadal kulturhus  – og håpar med god hjelp frå surnadalingane å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet, melder kultureininga ved Surnadal kommune

På kulturhuset vil det bli laga eit slags omriss av flyet der ein håper å kunne plassere vrakdelar av flyet på rett plass. Hoskins vil difor be alle som har delar om å møte den dagen, uavhengig av om dei vil donere dei til prosjektet eller berre vil vise dei fram denne dagen, også for å slå fast kvar på flykroppen delen stammar frå.

Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka er svært sjeldan; dette er berre det andre attverande flyet av akkurat denne typen i verda. Hoskins er difor interessert i å få vite alt som er muleg om både styrten og alt som skjedde i etterkant med vraket – samt alt ein kan oppdrive av opplysningar om kva som hendte med piloten før og etter at han vart fanga av tyskarane.

Har du vrakdelar, eller anna informasjon om styrten eller piloten – ver velkomen på kulturhuset fredag 27. juli kl. 14 oppfordrar arrangørane.

Bildet viser ei smørkinne som dukka opp på Bjørkøya i Vindøladalen. Og historia seier at denne kan være laga av vrakdeler av Spitfireflyet.

 

Først publisert: 26. juli 2018, 14:30 - Sist oppdatert: 25. juli 2018, 22:55