Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Todalen og Nordvik er straumlaus

Elinor Bolme Torsdag 18. juli 2019

Heile Todalen og Nordvik var i kveld straumlause etter at eit torevêr passerte i rundt desse områda i kveldinga. Vi veit ikkje i skrivande stund kor lynet har slått ned, men kan ut i frå appen Ligthning sjå at det i alle fall har vore eit nedslag mellom Todalshaugen og raset uti Stranda.


Strøken parkeringsplass på Hals

Elinor Bolme Torsdag 11. juli 2019

Terje og Edvard Nordvik nytta i dag finvêret til å friske opp utearealet ved butikken. No blir det slutt på «kryss og tvers»-parkering når karane blir ferdig med oppmåling av nye parkeringsplassar rundt inngangen på Hals.


Ein gjeng med rivjarn møtte på dugnad

Elinor Bolme Onsdag 10. juli 2019

Rundt 10 personar møtte på dugnaden som ski og friidrettsgruppa inviterte til i går kveld. Og med stort pågangsmot og rå muskelkraft fekk dei raka heile løpebanen som i forrige veke var oppfresa. Dei mest pessimistiske trudde naturleg nok at ein ikkje rakk å rake heile på ein kveld.


Ønsker gratis skulemat og meir asfalt på kommunale vegar

Elinor Bolme Måndag 8. juli 2019

Årets kommunevalg nærmar seg, og fleire av de politiske partia startar no intensiveringa mot 9. september og kampen om stemmene til det som skal bli Surnadal kommunestyre 2019-2023. I den forbindelse lanserte Surnadal Arbeiderparti i dag sitt partiprogram for den neste fireårsperioden.


Dugnad på løpebanen

Elinor Bolme Sundag 7. juli 2019

Tirsdagkveld inviterer Ski- og friidrettsgruppa til dugnad på Bordholmen. Denne gongen er det løpebanen som står for tur og treng ei oppgradering. Sist veke har banen vorte horva opp for å få bukt med graset som sakte men sikkert har teke over i løpefeltet. All denne torva lyt no rakast opp slik at baben blir ugrasfri igjen og klar for nye rekordar.


Åpent bakeriutsalg

Elinor Bolme Laurdag 6. juli 2019

I morgon held Slettneset Steinovnsbakeri open kafe igjen. Her blir det mulegheiter til å kjøpe seg ein kaffekopp og nystekt hvetebakst i fine omgivelsar, ute eller inne.


Alle fekk fisk!

Elinor Bolme Laurdag 6. juli 2019

I går kveld var den trsdisjonelle sjøfiskekvelden gjennomført på Nordvik. Gøran Bolme i Surnadal Jeger og fiskeforening har sendt oss ein statusrapport.


Inga tek med seg familien og kjem heimatt!

Elinor Bolme Fredag 5. juli 2019

Etter fleire år på Byåsen i Trondheim har Inga Husby (23) og sambuaren Markus Andersen (24) no bestemt seg for å busetje seg i Todalen til hausten. Med seg på flyttelasset har dei i tillegg vesle Anea som så vidt har passert 4 månader. Sist helg ordna det seg med husvære,da dei fekk ja på langtidsleie av Skortin.


Amfi Kreativ søkjer etter kvalifisert arbeidskraft

Elinor Bolme Torsdag 4. juli 2019

Amfi Kreativ har no tre ledige stillingar til si avdeling i Surnadal. Amfi Kreativ er Olav Thon Gruppa sitt in-house reklamebyrå. Dei betjener kunder i fleire bransjer innenfor konsernet og leverer alt fra enkeltstående ekspressoppdrag til større kampanjar og totalkonsept.


Velkommen til sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 4. juli 2019

Surnadal Jeger og fisk inviterer som tidlegare år alle barn med foreldre til ein kveld med sjøfiske på Nordvik førstkommande fredag. Alle vil få god hjelp frå gode hjelparar i Surnadal JFF, slik at flest mulig av ungane skal få prøve sjøfiskelykka.



Sjekk medlemskapet ditt på laurdag

Elinor Bolme Onsdag 26. juni 2019

Laurdag vil styret i todalen.no ha stand på Bordholmen under Todalsdagen. Her blir det anledning både til å teikne nye personlege medlemskap for å støtte opp om nettsida, og å sjekke om du allereie er medlem men kanskje har gløymt å betale.