Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ønsker gratis skulemat og meir asfalt på kommunale vegar

Elinor Bolme Måndag 8. juli 2019

Årets kommunevalg nærmar seg, og fleire av de politiske partia startar no intensiveringa mot 9. september og kampen om stemmene til det som skal bli Surnadal kommunestyre 2019-2023. I den forbindelse lanserte Surnadal Arbeiderparti i dag sitt partiprogram for den neste fireårsperioden.

Mange viktige fokusområder

Ordførarkandidat Annett Ranes informerte i den forbindelse saman med fleire av listekandidatene om nokre av fokus sakene som dei ønsker å arbeide med framover. -Her er det mange fokus saker som vi ønsker å løfte fram, men likevel ikkje sette mot kvarandre, seier ho. Eldreomsorg, skule, klima, miljø og samferdsel; vi brenn for mykje og ønsker å få til mykje er dei  fem representantane samde om  -Det er summen av alt som gjer at dette skal bli ein bra politisk periode for oss, seier Annett Ranes. Men ein ting brenn vi verkeleg for, og det er gratis skulemåltid på alle skulane før perioden er over, seier ho. Og Bitten Ranes held fram; -vi ønsker dette for ALLE ungane på alle skulane. Eit næringsrikt skulemåltid er viktig, både for det miljøskapende samhaldet, men også for mottak av lærdom. -Og ikkje minst slik at alle uansett familieøkonomi skal få nyre godt av det. 

Vegstandard til det betre

Ellers er både tomtetilbuda rundt om i kommunen, og ikkje minst vegstandard noko dei også vil jobbe med og for, fortel dagens varaordførar Helge Røv. Fast dekke på fleire kommunale vegar er eit mål. Medan Fylkesveg 65 er eit kapittel for seg sjølv, som dei absolutt ønsker å halde trykket oppe på for å få prioritert vedlikehald på framover. Det jobbes på begge sider på fylkesgrensa i ulike fora for dette, men så langt ligg ikkje strekninga på noko prioritert liste hos Vegvesenet seier Helge Røv. -Så her må vi fortsette å mase og mase til vi får gjennomslag. -Og ikkje minst få Lilly Gunn Nyheim inn på fylkestinget igjen. Ho har gjort ein god jobb i samferdselsutvalget i mange år og er godt inne i sakene vi brenn for, seir ordførerkandidat Annett Ranes.

Auka fokus på miljøet

Ellers er Elise Kristiane Einum klar på at Surnadal kommune må bli dyktigare på å fronte miljøet og redusere plastforbruket sitt. -Vi som kommune må gå framfor med eit godt eksempel og ikkje minst ta tak i enkle miljøfremmende tiltak internt. Per i dag kildesorterer vi ikkje godt nok. Det må vi bli betre på, samtidig som at vi ved ei kvar sakshandtering skal ha med argument i saka som talar for tilrettelegging av miljø og klima.

Skule eller ikkje?

Ellers er nok mange velgar ute i kretsane opptekne av kva partiet meiner om skulepolitikken fremover? -Vi skal ha ny Øye skule og ja, vi står fortsatt på at vi bør ha ein tredelt skule med minimum 30 elevar, fastslår Ranes. -Likevel er vedtaket i kommunestyret før jul gjeldande, kor todalingane skulle få arbeidsro til å snu trenden med nedgang. -Dessverre kom dette dårleg ut på siste kommunestyremøte etter eit innspel frå Høgre. -Vi ser i ettertid at dette vart feil, men det er altså vedtaket frå desember som enno gjeld beroliger Helge Røv.

Les meir om punkta ovanfor samt mange andre saker som Surnadal Arbeiderparti ønsker å jobbe med i kommande valgperiode: Partiprogram Surnadal Arbeiderparti 2019-2023

 

Surnadal Arbeiderparti er medlem av Todalen.no
Publisert: 8. juli 2019, 17:23