Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen og Nordvik er straumlaus

Elinor Bolme Torsdag 18. juli 2019

Heile Todalen og Nordvik var i kveld straumlause etter at eit torevêr passerte i rundt desse områda i kveldinga. Vi veit ikkje i skrivande stund kor lynet har slått ned, men kan ut i frå appen Ligthning sjå at det i alle fall har vore eit nedslag mellom Todalshaugen og raset uti Stranda.

Det blinka fleire gonger rett før 21.30, og det er også registrert eit nedslag ved Todalshaugen.

Travelt i lydbransjen ein slik kveld. Kartet viser små og større nedslag i områda i rundt oss.

Etter 45 minutter kom heldigvis strømmen tilbake i Todalen, og nesten heile Nordvikgarden fekk den att etter ein time. Men det meldes kl 23.15 om at enkelte strømabonnentar fortsatt manglar straumen på deler av Nordvik. Her er det problemer i trafoen ved Nistua, som vart hardt ramma ved ein tidlegare runde i sommar.

Publisert: 18. juli 2019, 20:00